Liberec er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Liberec okres i regionen Liberec kraj i Tsjekkia. Liberec har status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město).

Byen ligg ved elva Neisse heilt nord i landet, nær grensa til både Polen og Tyskland, og er den sjette største byen i Tsjekkia med nesten 100 000 innbyggjarar.

Liberec har ein tekstil- og maskinindustri m.a. ein av Škoda sine bilfabrikkar og ein teknisk høgskule. I samband med den nazistiske annekteringa av område i Tsjekkoslovakia vart Liberec hovudstad i Sudeten. Etter den andre verdskrigen var slutt vart den tyskspråklege folkesetnaden jaga frå byen.

Byen var arrangør for Ski-VM 2009.

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Liberec er ein slik by med utvida fullmakter.

Lovbestemt by Liberec har status som lovbestemt by frå 1990.

Bydistrikt Som lovbestemt by har Liberec rett til på eiga hand å opprette sjøvstyrande bydistrikt (tsjekkisk městské obvody). Det er oppretta eit slikt distrikt, Vratislavice nad Nisou, medan resten av kommunen er direktestyrde.

Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Liberec, Jablonec nad Nisou og områda rundt. 24 kommunar frå det administrative området til Liberec inngår i storbyområdet. Dei er merkte med * i lista nedanfor. I tillegg kjem 11 kommunar frå det administrative området til Jablonec nad Nisou og 12 kommunar frå andre administrative område i regionen.

Kommunar Det administrative området til Liberec omfattar 28 kommunar. Av desse er 7 byar (tsjekkisk město) og ein marknadsby (tsjekkisk městys). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift og marknadsbyar med kursiv skrift.

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Liberec SO 133 957 140 642 144 998

Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Liberec 104 340 Hrádek nad Nisou 7 611 Chrastava 6 091 Jablonné v Podještědí 3 625 Hodkovice nad Mohelkou 2 944 Český Dub 2 752 Stráž nad Nisou 2 341 1 639 1 414 Osečná 1 146 1 063

Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Liberec 95 405 Vratislavice nad Nisou 8 935 Hrádek nad Nisou 4 365 Chrastava 3 675 Hodkovice nad Mohelkou 2 585 Stráž nad Nisou 2 254 Český Dub 2 022 Jablonné v Podještědí 1 573 1 313 1 135 1 042 1 100 988

Bydelar i Liberec mini|250px|Bydelane i Liberec mini|250px|Nabolag i Liberec Busetnadene fordelt på tradisjonelle bydelar og tettstader: Tettstad Folketal 2021 Nabolag 9 793 Liberec I 2 979 Liberec II 5 657 Liberec III 3 117 Liberec IV 5 312 Liberec V 17 268 Liberec VI 3 430 Liberec VII 2 358 Liberec VIII 1 072 Liberec IX 3 676 Liberec X 2 281 Liberec XI 4 683 Liberec XII 2 578 Liberec XIII 8 429 Liberec XIV 7 090 Liberec XV 377 Liberec XVI 540 Liberec XVII 539 Liberec XVIII 1 490 Liberec XIX 672 Liberec XX 155 Liberec XXI 490 Liberec XXII ( 2 960 Liberec XXIII 642 Liberec XXIV 4 622 Liberec XXV 21 Liberec XXVIII 172 Liberec XXIX 967 Liberec XXXI 704 Liberec XXXII 1 050 Liberec XXXIII 109 Liberec XXXIV 172 Liberec XXXV Liberec by 95 405 Vratislavice nad Nisou 8 935 Liberec XXX Liberec kommune 104 340

Ein del tidlegare bydelar i Liberec er seinare skilde ut til nye kommunar: Stráž nad Nisou (Liberec XXVI) (Liberec XXVII) (Liberec XXXVI) (Liberec XXXVII) (Liberec XXXVIII) (Liberec XXXIX)

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Liberec Liberec Liberec Liberec