Jens Kihl () er ein norsk målmann, journalist og forfattar. Han var leiar av Norsk Målungdom (NMU) i perioden 2007–2009 og nestleiar i Noregs Mållag 2010–2012 og 2016–2018. Tidlegare har Kihl vore politisk aktiv mellom anna med lokalpolitiske verv og som tilsett i SV, og som medlem i arbeidsutvalet i Nei til EU. Han har arbeidt som journalist i Klassekampen. I 2018 vart han tilsett som politisk kommentator i Bergens Tidende. I 2021 tok han over som kulturredaktør i same avis. I 2017 vann Kihl Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for bruken av nynorsk i Klassekampen.

I 2019 gav Kihl ut Dette er også Noreg, om ei reise gjennom alle kommunane i Noreg.

Verkliste 2019 – Dette er også Noreg. Det norske Samlaget.

Kjelder

Kategori:Leiarar av Norsk Målungdom Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske forfattarar