Ballangen kyrkje er ei langkyrkje frå 1923 som ligg på Storhaugen i sentrum i Narvik kommune i Nordland fylke.
Kyrkja høyrer til Ballangen sokn i Ofoten prosti, og ho vart vigsla 6. juni 1923 av biskopen i Hålogaland, Johan Støren.
Ved kongeleg resolusjon 19.5.1923 vart det tillate å vigsle ei kyrkje oppført på garden Ballangen til bruk for oppsittarane på sørsida av Ofotfjorden i Evenes hovudsokn (gnr 32-72), og frå 1.1.1924 gjekk dette området over til eit eige Ballangen sokn.
Interiøret mini|venstre|Alterpartiet. Altertavla og inventaret er teikna av Emanuel Vigeland. Sonen hans, Per Vigeland, var meister for glasmåleriet i koret, som er altertavle i kyrkja.
Døypefonten er av marmor frå Hekkelstrand og laga av Helge Heimstad.
Kyrkja vart restaurert i 1998, og ho vart då tilbakeført til sin opphavlege stil.
Kjelder Ballangen kirke : 1923-1973, Red. av Wilhelm Agersborg.
Denne artikkelen bygger på «Ballangen kirke» frå , den 27. mars 2007.
Bakgrunnsstoff
Ballangen kyrkje iKirchen in Norwegen
Kategori:Kyrkjer i Narvik Kategori:Kyrkjer i Ofoten prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1923 Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme Kategori:Kulturminne i Narvik Kategori:Ballangen