Tassos Nikolaou Papadopoulos () er ein kypriotisk politikar frå Levkosía. Papadopoulos var president på Kypros frå 28. februar 2003 til 28. februar 2008.

Papadopoulos leia sentrumspartiet Dimokratiko Komma (Det demokratiske partiet). Han vart vald til president 16. februar 2003 med 51,5 % av røystene i første valomgang, framfor den sitjande presidenten Glavkos Kliridis. Papadopoulos oppmoda i 2004 folket til å røysta «nei» i folkerøystinga om SN sin fredsplan for Kypros, og det vart òg eit nei-fleirtal. Ved presidentvalet 17. februar 2008 kom han på tredje plass i første runde med 31,8 % av røystene, og måtte dermed gå av som president.

Kategori:Kypriotiske presidentar