KNM «Tyr» (Ex. MS «Standby Master») var eit minekontrollfartøy. Hovudoppgåvene var utlegging, opptaking og vedlikehald av kontrollerbare minefelt langs kysten.

Fartøyet vart bygd ved Voldnes Skipsverft i Ålesund i 1981. Det segla som standbyfartøy i Nordsjøen. I 1993 vart det kjøpt av Sjøforsvaret. Skipet vart bygd om og modernisert ved Mjellem & Karlsen i Bergen. Fartøyet fekk mellom anna installert dynamisk posisjoneringsutstyr og miniubåt (ROV). Kommando vart heist om bord fyrste gong 7. mars 1995. KNM «Tyr» høyrde til Minekrigsflotiljen og var stasjonert på Haakonsvern Orlogsstasjon i Bergen.

Fartøyet har mykje utstyr som gjer det brukande til mange forskjellige oppdrag. I tillegg til Sjøforsvaret vart skipet nytta av m. a. Tollvesenet, Politiet, Statens ureiningstilsyn, Havforskingsinstituttet og Forsvarets forskingsinstitutt.

Fartøyet kunne nyttast til torpedoopphenting, utlegg og opphenting av uavhengige minesystem, vrakleiting og -filming, filming og kartlegging av havbotnen, inspeksjon og filming av undervassinstallasjonar, nøyaktig posisjonering og utplassering av utstyr som skal nyttast på havbotnen, søk etter sakna gjenstandar og personar, større redningsoperasjonar på overflata, slep, løft på 9 tonn, frakt av større gjenstandar og assistanse til andre fartøy i samband med brann, havari og liknande.

Skipet blei tatt ut av teneste i 2013, og lagt ut for sal året etter.

Kjelder

Forsvarsnett

Bakgrunnsstoff Heimesida til KNM «Tyr»

Tyr Kategori:Skip frå 1981