Karlö eller Hailuoto er ei øy og ein kommune i Uleåborgs len i Finland. Ho har eit folketal på 986 (2005) og kommunen dekkjer eit areal på 196,56 km² (utanom sjøområda) der 2,64 km² er innlandsvatn. Folketettleiken er dermed 5,0 innbyggjarar per km².
Karlö ligg utanfor byen Uleåborg (Oulu) i Bottenvika. Øya har sidan juni 2026 hatt vegsamband til fastlandet. Eit ferjesamband hadde tidlegare daglege avgangar mellom Karlö og Uleåsalo. Om vinteren gjekk det ein offisiell isveg mellom øya og fastlandet.
Landområdet i regionen stig framleis etter den siste istida. Det er estimert at dei første delane av Karlö steig opp av Austersjøen for om lag 1 700 år sidan. Den noverande øya vart danna av mange mindre øyar. To store delar, Santonen og Hanhinen gjekk i saman til hovudøya om lag to hundre år sidan. Øya utvidar seg stadig, og vil ein gong verte ein del av fastlandet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell side
Kategori:Øyar i Finland Kategori:Øyar i Austersjøen