Borge kyrkje ligg på Borg i Vestvågøy kommune i Nordland fylke. Ho er soknekyrkje i Borge sokn i Lofoten prosti. Kyrkja er ei kvadratisk kyrkje bygd i betong. Ho vart vigsla 31. mai 1987 og har 435 plassar. Arkitekt for kyrkja var Knut Gjernes.

Før denne har det stått minst 5 kyrkjer på Borge. Borge kyrkje er første gong nemnd i skriftlege kjelder i eit dokument frå 1335. Ei kyrkje på Borge vart bygd i 1798, ombygd i 1877 og brann ned i 1896. Ei ny kyrkje vart vigsla i 1898. Denne kyrkja brann ned 14. februar 1983.

Andre kyrkjer i Vestvågøy kommune Buksnes kyrkje Hol kyrkje Knutstad kapell Stamsund kyrkje Valberg kyrkje

Kjelder

Den norske kyrkja i Vestvågøy Den norske kyrkja i Vestvågøy - om Borge kyrkje

Bakgrunnsstoff Den norske kyrkja i Vestvågøy Den norske kyrkja i Vestvågøy - om Borge kyrkje

Kategori:Kyrkjer i Vestvågøy Kategori:Kyrkjer i Lofoten prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1987 Kategori:Kulturminne i Vestvågøy