Blåbærlyng, blåbærris eller blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som høyrer til lyngfamilien. Han dannar frukta blåbær.

mini|venstre|Blåbærlyng med blomar. mini|venstre|Blåbærlyng med bær. Skildring Blåbærlyng blir 10–50 cm høgt. Det har grøne, kantete greiner som blir brunaktige og vedete etterkvart, med tynne, elliptiske, takkete, lysegrøne blad som blir felte om hausten. Om våren får lynget grønkvite til raudlege, krukkeforma blomstrar. Desse utviklar seg vidare til saftige bær som vanlegvis er mørkeblåe til svarte på farge eller kvitaktig blåe. Dei ulike fargane kjem av eit tynt vokslag. Fruktkjøtet er fiolett.

Utbreiing Blåbærlyng er ein vanleg plante i store delar av Europa, med unntak av området kring Middelhavet. Han veks nord på det europeisk fastlandet, på Dei britiske øyane og over Kaukasus inn i nordlege Asia. Planten finst også som introdusert art i vestlege delar av Canada og USA. I Noreg veks det blåbærlyng i store mengder i låglandet, og særleg i fuktig, sur jord ved skog eller heier. Blåbæra finst opp til 1700 moh.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Blåbær» frå , den 9. april 2007. Delar av denne artikkelen bygger på «Vaccinium myrtillus» frå , den 11. oktober 2019.

Kategori:Lyngfamilien Kategori:Planteliv i Europa Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Medisinplantar