mini|Enkel Van de Graaff-generator

Van de Graaff-generatoren er ein konstruksjon for tilverking av statisk elektrisitet.

Funksjon Prinsippet er at eit ikkje-leiande band av silke eller liknande materiale blir spent over to rullar, der ein rull blir omgjeven av ein metallklode. Når bandet blir sett i rørsle blir kloden ladd opp med positive ladningar gjennom friksjonen til bandet mot ein elektrode som er kopla til kloden. Ein andre elektrode er kopla til den andre rullen og når den statiske oppladinga blir tilstrekkeleg stor skjer eit overslag frå den positivt ladde kloden til den negativt ladde kloden i form av eit lyn.

Utviking Van de Graaff-generatoren vart utvikla av fysikaren Robert Van de Graaff og vart vist opp i oktober 1929 ved Princeton university. I løpet av nokre år vart det bygd ein generator som kunne produsere spenningar opp til 1 megavolt. Den var 180 cm høg og hadde to metallklodar på 60 cm i diameter per stykk.

Bruksområde Generatoren gjev moglegheit til å gjere høgspenningseksperiment men med ein relativt låg straum. Han er vanleg innanfor skolefysikken og finst også i modifiserte versjonar til forsking rundt til dømes tore og isoleringseigenskapar.

mini|center|Prinsipskisse1. Metallklode med positiv ladning2. Elektrode som slepar mot bandet, kopla til den positive metallkloden3. Plastrull4. Positivt ladd del av bandet5. Negativt ladd del av bandet6. Metallrull7. Elektrode kopla til den negativt ladde kloden8. Metallklode med negativ ladning9. Overslagslyn

Kategori:Elektriske generatorar Kategori:Elektrostatikk