mini|X-bow-skip vest for Fedje. mini|Konvensjonell baug versus X-BOW X-BOW er ein serie design på bakoverlente baugtypar utvikla av Ulstein Design & Solutions AS, eit selskap i Ulstein Group, der baugen er vendt innover, mot akter, slik at eit skip med X-BOW vil vere lengst ved vasslinja. I prinsippet vil ein slik baug ha større oppdrift framme enn konvensjonelle skrog.
mini|venstre|Eit konstruksjonsskip med X-BOW under bygging i dokkhallen på Ulstein Verft. mini|Bourbon Orca - det første skipet med X-BOW
Skroget handterer møtande sjø«X Bow Hull Design vs Conventional Hull Design», Marine Insight slik at den ekstra oppdrifta denne forma gir vil gjere at baugen flyt over møtande bølgjer, som dei konvensjonelle skroga må bryte i gjennom. Dette gir mindre akselerasjon i baugen og dermed ei meir komfortabel reise for mannskapet. I tillegg gjev mindre motstand eit redusert drivstoff-forbruk.«Trosser uvær og bedrer miljøet», Aftenposten
Baugen vart lansert i 2005 samtidig som det vart offentleggjort skipsbyggingskontrakt på første skip med X-BOW. Baugen blei anerkjent som «Årets Ingeniørbragd» i 2005,«Skipsdesign ble årets ingeniørbragd 2005», Teknisk Ukeblad og vart kåra til «Årets Skip» av både Skipsrevyen og Offshore Support Journal.
X-BOW blei første gong tatt i bruk på eit skip i mai 2006, ved bygginga av AHTS-skipet (Ulstein AX104) med namn MS «Bourbon Orca», som i dag opererer i det karibiske havet.
Ved årsskiftet 2015 var det bestilt 100 skipsdesign med X-BOW. Designet er selt til mange ulike reiarlag for bygging ved fleire ulike verft. Designa av X-BOW-fartøy omfattar i hovudsak offshore/oljesektoren (konstruksjon, seismikk, PSV, ankerhandtering), men det er også designa X-BOW-fartøy innan områda tungløft/drill (heavy offshore) og ei rekke ekspedisjonscruiseskip. Fleire av X-BOW-skipa har blitt nominerte eller blitt utnemnde til Ship of the Year.
Designa av X-BOW-fartøy omfattar i hovudsak offshore/oljesektoren (konstruksjon, seismikk, PSV, ankerhandtering), men det er også designa x-bow-fartøy innan områda tungløft/drill (heavy offshore). Fleire av X-BOW-skipa har blitt nominerte eller blitt utnemnde til Ship of the Year. To andre vinnarar er subseaskipa 'Island Constructor' http://www.offshore.no/sak/22081_island_constructor_ble_hedret Offshore.no og Seven Viking. http://www.shipoftheyear.com/ship-of-the-year-2013/ms-seven-viking-elected-ship-of-the-year-2013/ Skipsrevyen
Ei vidareføring av X-Bow-designet er X-STERN, http://www.tu.no/industri/2014/08/26/ulstein-med-x-bow-i-begge-ender Teknisk Ukeblad som er ei liknande løysing for akterenden, og som gjer at skipa kan ligge med enden mot vêret og halde posisjon. X-STERN er tildelt utmerkinga Next Generation Ship Award 2015 http://www.offshoreenergytoday.com/ulsteins-x-stern-wins-next-generation-ship-award
Det første skipet med X-STERN er offshore-vindservicefartøyet «Windea La Cour», som tilhøyrer BS Offshore og som opererer for Siemens på Gemini-vindfeltet utanfor Nederland. Ei anna vidareføring er TWIN X-STERN, der den første skipsbyggingskontrakten ved Ulstein Verft blei signert med Olympic i 2022.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Ulstein Group
Kategori:Skipskonstruksjon