Kolåstinden er eit fjell på 1432 moh. i Ørsta kommune på Sunnmøre.
Fjellet ligg mellom Romedalen i nord og Standaleidet i sør.
Vanlegaste løypa til topps går frå Standaleidet inn Kvanndalen og over breen.
Toppen er lettast å nå på vinterføre, på sommarføre bør ein gå i taulag over breen under sjølve tinden.
Galleri
Sjå òg Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor
Kjelder
Bakgrunnsstoff Rundskue frå Kolåstinden hos Leif Roar Strand si nettside, vitja 31. januar 2010
Kategori:Fjell i Ørsta Kategori:Fjell på Sunnmøre