Overhalla er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar i nord mot Fosnes og Høylandet, i aust mot Grong, i sør mot Snåsa og Steinkjer og i vest mot Namsos. Administrasjonssenter er Ranemsletta. Laksefiskeelva Namsen og sideelva Bjøra, der kong Harald fiskar laks, renn gjennom Overhalla. Kommunevåpenet er på gylden botn med sju raude, utsvinga kross i ring, og våpenet er avleia av eit stempel som bøndene i Efri Halfua prega eit pergament med i samband med hyllinga av Håkon VI Magnusson i 1344. I kommunen ligg to kyrkjer, Ranem og Skage.

Historie Det er gjort funn frå steinaldertida i det som i dag er Overhalla, mellom anna i form av skiferknivar. 800 gravhaugar er registrerte i Overhalla, og 500 av desse er storhaugar. Dei mest kjende av desse ligg på Bertnem, der det i Merovingartida var eit namdalsk sete for høvdingar av Ynglingeætta. Det er gjort funn av hustufter i nærleiken av Bertnemshaugane, dei eldste av desse langhusa på 40 gonger 8 meter frå år 150-200 e.Kr.

Ved rikssamlinga kring tusentalet vart området som i dag vert kalla Namdalen delt opp i to syssel: Nidri og Efri Halfua, nedre og øvre halvdel. Dette vart òg prestegjeld, med kvar seg Nærøy og Ranum som senter. Efri halfua vart etterkvart brukt både i geistleg og verdsleg administrasjon. Det geografiske området som bar namnet skrumpa derimot stadig inn, til det vart avgrensa for bygda kring Ranem kyrkje. I 1917 vart namnet fastsett til Overhalla ved kongeleg resolusjon.Gunnar Groven, Overhalla Bydebok V (Namsos: O. Hojems trykkeri, 1968), 41-43. Namnet «Dalen» skal likevel ha vore eit eldre namn for ein del av det området som i dag utgjer Overhalla. Ein møter dette namnet i skriftlege kjelder på 1500-talet, mellom anna i Gaandske Nommedalls leens beskriffuelse aar 1597, der det blir tala om «Offuer halltz gield, eller Dallen».Jørn Sandnes, Namdalens historie: til år 1600 (Namsos: O. Hojems trykkeri, 1965), 37.

Allereie i sagaene møter ein overhallningar. Landnåmsmannen Torstein Kvite på Island skal nemleg ha vore frå Overhalla, rettare sagt Almdolum.Gunnar Groven, Overhalla Bydebok V, 60. I Ågrip møter ein dessutan soga om Igda, ei dronning frå ein kongsgard på Øvre Veglo, som drukna seg i ein bekk her.Jørn Sandnes, Namdalens historie, 185. Elles er den første skriftlege kjelda der Overhalla blir nemnd eit mellomalderdiplom frå 5. april 1309, gjeldande eit hæroppbod mot Jemtland frå «æfra haulfu j Naumadale».Diplomatarium Norvegicum, bd. 1, red. av Chr.C.A. Lange og Carl R. Unger (Christiania: P. T. Mallings Forlagshandel, 1847), 108.

På Melen under Hallvardmo ved Namsen har det truleg vore marknad langt tilbake i tid. Sikre prov finst ikkje før frå 1600-talet.Jørn Sandnes, Namdalens historie, 335. Her vart det halde marknad i oktober, der det vart byta ulike landbruks- og tekstilvarer, fisk og tran. Hit kom bønder frå indre og yttre Namdalen i den namdalske båten lafar stakande på Namsen. I 2008 og 2010 vart det arrangert martna på nytt her, for å minnast den gamle marknaden.

Kyrkja i Overhalla er bygd i 1187. Bygget er i romansk stil, og byggematerialet er gråstein på marmorsokkel, medan taket og tårnet er av tre. Klenodiet i kyrkja er altertavla frå 1678, som òg var det einaste ein klarte å redda ut då kyrkja brann i 1899. Kjende personar frå Overhalla

Trine Skei Grande, politikar Jan Inge Hovig (1920—1977), arkitekt Louis Kvalstad, forfattar Anne Marit Mevassvik, politikar Johannes Rian (1891–1981), kunstmålar Inge Ryan, politikar Wenche Frogn Sellæg, politikar Frode Saugestad (f. 1974), litteraturforskar Guri Idsø Viken (f. 1979), forfattar

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Overhalla kommune sine heimesider Her kan ein sjå nettkamera frå Overhalla. Her kan ein sjå og søka i Overhalla historielag sin fotodatabase med kring 1500 bilete frå tida 1860-1950.

Kategori:Kommunar i Trøndelag Kategori:Namdal