Sjå òg elva Ill i Austerrike

Ill (ILL) er ei elv i Alsace nordaust i Frankrike. Ho er ei av sideelvane til Rhinen frå venstre.

Ho har sitt utspring nær landsbyen Winkel i Jurafjella, og renn så nordover i Alsace, parallelt til Rhinen. Ho mottar fleire sideelvar frå Vogesane, inkludert Doller og Thur. Ill renn gjennom Mulhouse, Colmar og Sélestat før ho munnar ut i Rhinen ved Strasbourg.

I Strasbourg dannar elva ein del av festningsverket frå 1600-talet, og passerer gjennom ei rekkje sluser og kanalar i den vakre gamlebyen, mellom anna distriktet Petite-France, der vatnet ein gong vart nytta som vasskraft for møller og garveri.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Frankrike Kategori:Sideelvar til Rhinen Kategori:Alsace