Spørsmålsteiknet eller spørjeteiknet (?) er eit skriftteikn som vert brukt til å markera eit spørsmål. Spørsmålsteiknet erstattar punktumet i slutten av ei spørjande setning, som til dømes: Korleis har du det? Teiknet kan også setjast i margen av ein tekst eller i klammer bake ei utsegn der ein stiller spørsmål ved det som blir sagt.
Opphav Spørsmålsteiknet kjem frå det latinske ordet quaestio, som tyder 'spørsmål', og som i si tid vart forkorta med Qo. Q vart skriven over o, og markerer i overført tyding det moderne symbolet som vert brukt i dag, der «krøllen» er over prikken.
mini|none|Skisse av korleis spørsmålsteiknet har utvikla seg.
mini|venstre|upright|Opnande (opp-ned) og lukkande spørsmålsteikn
På andre språk På nokre andre språk, som spansk, vert det brukt omvende spørsmålsteiknet (¿) i starten på setningar saman med det ordinære spørsmålsteiknet i slutten. Spørsmålet «Kva er klokka?» blir til dømes skrive «¿Qué hora es?».
I arabisk vert det brukt eit mindre og spegelvendt spørsmålsteikn (؟).
I gresk og kyrkjeslavisk vert semikolon (;) brukt som spørsmålsteikn og i armensk har det form som ein liggjande ufullendt oval (՞) plassert over siste vokalen i spørjesetningen.
Spørsmålsteiknet vert òg brukt i kinesisk, koreansk og japansk skrift, sjølv om dette ikkje er påkravd i språka.
Andre typar spørsmålsteikn
Eit retorisk spørsmålsteikn forma som eit speglvendt spørsmålteikn blei brukt ei tid rundt 1600-talet. Dette teiknet har også vore brukt som ironiteikn.
Skiljeteiknet interrobang er ein kombinasjon av spørjeteiknet og utropsteikn som blei laga på 1960-talet. Teiknet er sjeldan brukt, men finst mellom anna i logoen til State Library of New South Wales i AustraliaState Library of New South Wales og Punctuate! Theatre frå Edmonton i Alberta i Canada.http://www.punctuatetheatre.com/
mini|upright|venstre|Kvinne bak stort spørsmålsteikn.
I overført tyding
Å likna eit «levande» eller «stort spørsmålsteikn» er ein metafor for å ikkje forstå noko.
Ein kan også seia at ein «set spørsmålsteikn» ved noko ein tviler på utan å skriva sjølve teiknet.
Sjå også Utropsteikn Ironiteikn
Bakgrunnsstoff Om bruk av spørsmålsteikn i norsk på Korrekturavdelingen.no.
Kjelder
«spørsmålstegn» (02.08.2012) i Store norske leksikon.
Kategori:Typografi Kategori:Skiljeteikn