Tjøtta kyrkje er ei kyrkje bygd ved garden Tjøtta, senteret for Tjøttagodset, på øya Tjøtta i Alstahaug kommune. Kyrkja høyrer til Tjøtta sokn i Nord-Helgeland prosti.
Den opphavlege kyrkja vart truleg bygd før år 1000, sidan den regjerande vikingehøvdingen Hårek frå Tjøtta let seg døype i ei lokal kyrkje i år 999. Kyrkja var då ei privat kyrkje for Tjøttagodset, og hadde gravkammer for eigarane. Den andre kyrkja, «mellomalderkyrkja», var òg i stein, men brann i 1811 og 1843 og vart då riven.
Den noverande utgåva vart oppført i 1851 etter teikningar av arkitekt Christian Heinrich Grosch og er i naturstein, utforma som ei langkyrkje med plass til 310. Stein frå kyrkja som brann vart nytta i nybygget.I. Hage 2001 Ho er utstyrt med sakristi og inngang som utbygg, eit tårn som delvis spring ut frå eine kortveggen og vindauge med spisse bogar.
Ved bygginga i 1851 vart det funne store lag av rundtømmer under kyrkja. Dette kan vere spor av ei tidlegare trekyrkje eller moglegvis byggverk i tilknyting til eit hòv.
Ei byste av Øyvind Skaldespiller er sett opp ved kyrkja. Fotnotar
Kjelder Tjøtta kirke i Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard Ingebjørg Hage: Grosch-kirker i Nord-Norge. i Årbok 2001 Fortidsminneforeningen
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Alstahaug Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Kyrkjer i Nord-Helgeland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1851 Kategori:Kulturminne i Alstahaug Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme