Toulon (oksitansk Tolon eller Touloun) er ein by sør i Frankrike og ein stor marinebase ved kysten av Middelhavet for den franske marinen. Han ligg i regionen Provence-Alpes-Côte-d'Azur, og er prefecture (hovudstad) i departementet Var i den tidlegare franske provinsen Provence.
Byen har eit folketal på om lag 160 000 innbyggjarar, men storbyområdet hadde 564 823 i ei folketeljing i 1999.
Toulon er eit viktig senter for skipsbygging, fiske, vinproduksjon og produksjon av luftfarstutstyr, våpen, kart, papir, tobakk, trykking, sko og elektronisk utstyr.
Militærhamna vart omleira av Sébastien de Vauban. Napoleon sitt gjennombrot byrja med den avgjerande rolla han hadde under omleiringa av Toulon i 1793.
Bakgrunnsstoff
Uoffisiell nettstad Life In Toulon
Litteratur Maurice Arreckx, Vivre sa ville, Paris, La Table ronde, 1982 ; Toulon, ma passion, 1985 Jean-Pierre Thiollet, Le Chevallier à découvert, Paris, Laurens, 1998
Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Provence-Alpes-Côte d'Azur Kategori:Var