Champigny-sur-Marne er ein kommune og by i dei søraustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 12,5 km frå Paris sentrum i departementet Val-de-Marne, og har eit folketal på om lag 75 000 innbyggjarar.

Namn Champigny-sur-Marne var opphavleg berre kalla Champigny. Namnet Champigny har sitt opphav i det mellomalderlatinske ordet Campaniacum, som tyder «eigedomen til Campanius», ein gallo-romersk landeigar.

I 1897 vart namnet på kommunen offisielt Champigny-sur-Marne (som tyder «Champigny ved Marne»), for å skilje han frå andre kommunar i Frankrike med same namn.

Kategori:Val-de-Marne Kategori:Paris Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Île-de-France