Domrémy-la-Pucelle er ein landsby og kommune i Frankrike. Han ligg i departementet Vosges i regionen Grand Est, og hadde i 167 innbyggjarar i 1999.
Landsbyen er mest kjend som fødestaden til Jeanne d'Arc, og vart opphavleg berre kalla «Domrémy», men fekk det nye namnet «Domrémy-la-Pucelle» etter Jeanne sitt kallenamn la pucelle d'Orléans (‘jomfrua av Orléans’). Landsbyen vart fritatt frå skatt i 1429 av Kong Karl VII som Jeanne d'Arc sitt einaste krav for å at ho skulle hjelpe Frankrike med å verte kvitt engelskmennene. Etter den franske revolusjonen måtte Domremy igjen betale skatt.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vosges Kategori:Jeanne d'Arc Kategori:Busetnader i Grand Est