Haute-Saône er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Franche-Comté og er kalla opp etter elva Saône.
Historie Departementet vart oppretta 22. desember 1789 under den franske revolusjonen frå delar av den tidlegare franske provinsen Franche-Comté
Geografi Departementet ligg mellom Lorraine og Alsace i nord og Bourgogne i sør, og grensar til departementa Haute-Marne i nordvest, Vosges i nord, Territoire de Belfort i aust, Doubs og Jura i sør og Côte-d'Or i vest.
Nord i departementet ligg dei sørlege områda av fjellkjeda Vogesane. Her har elva Saône sitt utspring, som har gjeve namn til departementet, og renn sørvestover.
Økonomi Hovudnæringa i departementet er jordbruk, nesten halvparten av overflata er dyrkande jord og beiteland. Ein tredjedel er dekt av skog. Eit kjent produkt frå regionen er osten Comté.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside Offisiell turistside
Kategori:Franske departement