Holmedal kyrkje er teikna av Christian Christie og vart bygd i 1868. Kyrja står i Holmedal, ei grend i Askvoll kommune i Sunnfjord.

Kyrkja høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti i Den norske kyrkja. Fram til grensebrigdet mellom Askvoll og Fjaler kommunar i 1990 høyrde ho til Fjaler, og fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Askvoll prestegjeld.

Tavla Tavla i kyrkja er frå ca. 1620 og er pryda med tre målte felt med bibelmotiv og bibelsitat. Ho vart flytt over frå den førre kyrkja som stod der frå ca. 1600.

Eldre kyrkjebygg

Kyrkja som no står i Holmedal er den tredje kyrkja som står der. Det har truleg stått ei stavkyrkje der frå 1200-talet, første gong nemnd i 1305. Den eldste kyrkjeklokka i kyrkja i dag kjem truleg frå denne kyrkja. Kring 1600 vart det bygd ei ny kyrkje med eit kyrkjeskip på 16 x 10 meter og med kor på 6 x 7 meter. Denne kyrkja skal ha vore rosemåla innvendes, men ho var skrøpeleg bygd og måtte fleire gonger rettast opp etter storm. Ho vart riven då den nye kyrkja vart bygd.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Askvoll kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Askvoll kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Askvoll Kategori:Kulturminne i Askvoll Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Bygningar teikna av Christian Christie Kategori:1868 i Noreg