Loir-et-Cher er eit departementet nord i sentrale delar av Frankrike. Departementet ligg i regionen Centre og er kalla opp etter dei to elvane Cher og Loir.

Historie Loir-et-Cher er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Orléanais og Touraine.

Geografi Loir-et-Cher er ein del av regionen Centre og grensar til departementa Eure-et-Loir, Loiret, Cher, Indre, Indre-et-Loire og Sarthe.

Dei største elvane i departementet er Cher og Loire, der byen Blois, som er préfecture (administrasjonssenter) i departementet, ligg.

Demografi Innbyggjarane i departementet vert kalla loir-et-chériens.

Turisme Loir-et-Cher har fleire historiske slott, som: Château de Blois Château de Chambord Château de Chaumont Château de Cheverny

Bakgrunnsstoff

Prefekturet si nettside Offisiell nettside

Kategori:Franske departement