Inger er eit kvinnenamn med nordisk opphav. Det viser opphavleg til guden Ing, og er truleg avleia av Ingjerd eller Ingrid.

Namnedagen til Inger er 26. februar, i Sverige 9. oktober.

Bruk av namnet

Inger var lite vanleg i Noreg før 1900, men bruken voks og nådde ein topp i 1940-åra. Sidan avtok bruken igjen, og talet på jentebarn som får namnet Inger er no under 1880-nivået.

I 2004 var det 35 644 kvinner i Noreg med Inger som førenamn, i 2005 hadde talet sokke til 35 300. I 2003 var det om lag 80 000 personar i Sverige med Inger som førenamn og av dei om lag 44 000 som hadde det som tiltalenamn.

Kjende namneberarar Inger Ottesdotter Rømer (ca. 1475-1555), kjend som Fru Inger til Østrått Inger Hagerup (1905-1985), norsk forfattar Inger Louise Valle (1921-2006), norsk jurist og politikar (Ap) Inger Jacobsen (1923-1996), norsk songar og Eurovision-deltakar Inger Koppernæs (1928-1990), norsk politikar og statsråd (H) Inger Sitter (1929-2015), norsk målar Inger Marie Andersen (1930-1995), norsk skodespelar Inger Bjørnbakken (f. 1933), norsk alpinist Inger Christensen (1935-2009), dansk forfattar Inger Teien (f. 1937), norsk skodespelar Inger Alfvén (f. 1940), svensk forfattar Inger Aufles (f. 1941), norsk langrennsløpar Inger Davidsson (f. 1944), svensk partisekretær hjå Kristdemokraterna Inger Lise Rypdal (f. 1949), norsk musikar Inger Elisabeth Hansen (f. 1950), norsk forfattar og omsetjar Inger Løite (f. 1958), norsk politikar (Ap) Inger Helene Nybråten (f. 1960), norsk langrennsløpar Inger Blikra (f. 1961), norsk styrkelyftar Inger Jørstad (f. 1975), norsk sametingsrepresentant Inger Bråtveit (f. 1978), norsk forfattar og journalist Inger Karoline Gaup (f. 1995), norsk-samisk songar

Bakgrunnsstoff

engelsk definisjon av Inger hjå Hyperdictionary

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Nordiske førenamn