Péronne er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Somme i regionen Hauts-de-France og har om lag 8 000 innbyggjarar.

Museumet Historial de la Grande Guerre (Museum om den første verdskrigen) ligg like i nærleiken.

Historie På 600-talet låg det eit kloster her. Kong Karl III av Frankrike sat fengsla og døydde her i 929. Staden vart øydelagd under den fransk-prøyssiske krigen og den første og den andre verdskrigen. I den første verdskrigen låg byen ved den tyske vestfronten, og nær slagmarka for Slaget ved Somme i 1916.

Kategori:Somme Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Hauts-de-France