Épernay er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Marne i regionen Grand Est og har om lag 25 000 innbyggjarar.
Geografi Épernay ligg 140 km nordaust for Paris langs jernbanelinja til Strasbourg. Byen ligg ved den venstre breidda til Marne i enden av den vakre Cubrydalen som kryssar han.
Historie Épernay (Sparnacum) høyrte til erkebiskopane av Reims frå 400- til 900-talet, då han kom inn under grevane av Champagne. Han vart hardt råka under Hundreårskrigen og vart sett i brann av Frans I i 1544. Byen stod imot åtak frå Henrik av Navarre i 1592, og Armand de Gontaut fall under åtaket som gjorde at byen til slutt vart erobra. I 1642 vart byen, i lag med Château-Thierry, oppgradert til hertugdøme og overført til duc de Bouillon.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Marne Kategori:Byar i Grand Est