Issoire (oksitansk Soire) er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Puy-de-Dôme i regionen Auvergne-Rhône-Alpes og har om lag 13 000 innbyggjarar.

Geografi Issoire ligg ved elva Couze like før ho munnar ut i Allier, 40 km søraust for Clermont-Ferrand. Issoire ligg på den frodige sletta Limagne. mini|venstre|Kyrkja Saint-Austremoine

History Issoire (Iciodurum) skal ha vorte grunnlagd av stamma Arverni, og i romartida vart byen kjend for skulane som låg her. På 400-talet etablerte Stremonius eit kristent samfunn her. På 200-talet vart byen rasert av vandalar.

Under Hugenottkrigen vart Issoire hardt råka. Merle, leiaren for protestantane, erobra byen i 1574, noko som gjekk hardt utover innbyggjarane. Katolikkane tok byen tilbake i 1577.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Puy-de-Dôme Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Auvergne-Rhône-Alpes