Oise er eit departementet nord i Frankrike. Departementet ligg i regionen Hauts-de-France, og er kalla opp etter elva Oise.
Historie Oise er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Île-de-France.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Picardie og ligg 35 km nord for Paris. Det grensar til departementa Somme, Aisne, Seine-et-Marne, Val-d'Oise, Eure og Seine-Maritime.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Isariens eller Oisiens.
Turisme Den store turistattraksjonen i departementet er Parc Astérix, som opna i 1989. Andre attraksjonar er Cathédrale Saint-Pierre de Beauvais og Chateau de Pierrefonds.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside Tursime i Oise Offisiell turistside
Kategori:Franske departement