Libourne er ein liten by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Gironde i regionen Nouvelle-Aquitaine, og har om lag 25 000 innbyggjarar.

Han er vinhovudstaden nord i Gironde, nær Saint Emilion og Pomerol, og ligg der elvane Isle og Dordogne renn i hop.

Historie I 1270 vart Leybornia grunnlagd som ein bastide av Roger de Leybourne (av Kent), ein engelsk seremonimeister av Gascogne, med fullmakt frå kong Edward I av England. Byen leid stort under kampane mellom Frankrike og England på 1300-talet, og vart ein del av Frankrike på 1400-talet.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Gironde Kategori:Byar i Nouvelle-Aquitaine