Hauts-de-Seine er eit departementet nord i sentrale delar Frankrike like vest for Paris. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva Seinen. Det er eit lite og tett folkesett departementet med moderne kontor, teater og det store kjøpesenteret La Défense med Grande Arche.
Historie Hauts-de-Seine var oppretta i 1968 frå delar av dei tidlegare departementa Seine og Seine-et-Oise.
I 1990-åra og tidleg på 2000-talet kom Hauts-de-Seine i det nasjonale søkelyset då det vart rulla opp ein korrupsjonsskandale der offentlege midlar vart nytta for departementet sine bustadprosjekt.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og i lag med Val-de-Marne og Seine-Saint-Denis er det eit av tre små departementet som dannar ein ring rundt Paris, kjend som petite couronne («den litle ringen»). Hauts-de-Seine grensar til departementa Val-de-Marne, Yvelines, Val-d'Oise, Essonne, Seine-Saint-Denis og Paris.
Fil:Petite couronne.png
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Altoséquanais.
Økonomi Hauts-de-Seine er Frankrike sitt nest rikaste departement etter Paris, og eit av dei rikaste områda i Europa. BNP per innbyggjar var € 62 374 i 2003 (om lag 500 000 kroner).
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside
Kategori:Franske departement