Ingela er eit kvinnenamn av tysk opphav, laga av lengre namn som byrjar på Engel- eller Ingel-, eller som ei kjæleform av Inga. Ingela har svensk namnedag den 7. november.
Ingela blei svært populært i Sverige i 1960- og 70-åra. Ved byrjinga av 2006 hadde totalt 20 013 personar i Sverige namnet, av desse hadde 12 525 det som tiltalenamn. I Noreg har namnet 92 brukarar (SSB 2007).
I kulturen Robert Broberg laga den populære songen «Ingela» i 1969.
Ingela er namnet på hovudpersonen i ungdomsromanen Roser fra tribunene (2000) av Toril Brekke.
Namneberarar Ingela Forsman «Pling», (f. 1950), svensk tekstforfattar Ingela Thalén, (f. 1950), svensk politikar Ingela Lundin Kvalem (f. 1956), norsk psykolog
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kvinnenamn Kategori:førenamn av tysk opphav