Bzipi (abkhasisk skrift Бзыҧ, georgisk ბზიფი, russisk Бзыбь) er den største elva i Abkhasia vest i Kaukasus. Ho renn nedover frå Store Kaukasus og ut i Svartehavet i to greiner. Ho har ei lengd på 110 km og eit nedslagsfelt på 1 510 km²

Bzybdalen går mellom fjellkjedene Bzipi, Gagra og nokre andre fjellkjeder i Store Kaukasus. Ein veg frå Svartehavet til den kjende innsjøen Ritsa går langs elva.

Elva er ei populær elv for kajakkpadling og rafting.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bzyb River» frå , den 28. mai 2007.

Kategori:Elvar i Georgia Kategori:Elvar i Abkhasia Kategori:Kaukasus