Sjå òg potetsorten Laila

mini|Aserbajdsjansk biletteppe som viser «Leila og Madsjnun», hovudpersonane i ei opphavleg arabisk kjærleikssoge. upright|mini|Politikaren Laila Dåvøy. Laila er eit kvinnenamn med to ulike opphav, eit samisk og eit arabisk. Det samiske namnet kjem truleg frå det finsk-samiske Aila, som kanskje svarar til Helga, altså heilag.Spørjekassa om namn ved uio.no Den arabiske tydinga av namnet er natt.

Laila har namnedag den 27. februar. Namnet kan òg stavast Lajla, Leila, Leyla eller Layla. Leila er mest brukt, med 11 671 berarar i 2008, medan dei andre har mellom hundre og trehundre berarar.

Namnet Laila byrja å bli populært i 1930-åra, med ein topp rundt 1940. Bruken gjekk nedover med noko oppgang på 60- og 70-talet, medan det seinare er blitt mindre vanleg igjen.

Laila i kulturen Lajla var namnet på ein roman av J.A. Friis som skildra ei samejente. Forteljinga blei svært populær, og blei filma tre gonger.

Namneberarar Laila Schou Nilsen (1919-1998), norsk idrettsutøvar Laila Freivalds (f. 1942), svensk politikar Laila Preikschas Nygjerdet (f. 1943), artist kjent som Cowboy-Laila Laila Stien (f. 1946), norsk forfattar Laila Dåvøy (f. 1948), norsk politikar Leyla Zana (f. 1961), kurdisk politikar Laila Goody (f. 1971), norsk skodespelar Leila El Khalifi (f. 1971), svensk popartist kjend som Leila K Laila Marrakchi (f. 1975), marokkansk regissør

Anna tyding

Leila eller Laila er òg det arabiske namnet på Perejiløya i Gibraltarsundet utanfor Marokko. På spansk vert øya kalla Perejil, persille. Spania og Marokko kranglar om suvereniteten over øya.

Kjelder

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Namn knytte til tid Kategori:Personnamn av arabisk opphav Kategori:Samiske personnamn