Dei austfrisiske øyane (tysk ) er ei rekkje øyar, som er ein del av Dei frisiske øyane, i Nordsjøen utanfor kysten av Niedersachsen i Tyskland.

Dei sju busette øyane er, frå vest til aust: Borkum, Juist, Norderney, Baltrum, Langeoog, Spiekeroog og Wangerooge. Borkum høyrer til Landkreis Leer; Juist, Norderney og Baltrum er ein del av Aurich; Langeoog og Spiekeroog høyrer til Wittmund (i nærleiken av Dose); og Wangerooge er ein del av Friesland.

To øyar er ikkje busett, Memmert sør for Juist, og Mellum aust for Wangerooge. Ei anna svært lita øy, Lütjehörn, aust for Borkum, står i fare for å bli vaska bort. I 2003 annonserte det tyske kystforsvaret (NLWK) at sandbanken Kachelotplate òg skulle kallast ei øy, fordi ho ikkje lenger vart oversvømd ved flo sjø. Ho er derimot ikkje større enn 2 km², og vil sjølvsagt ikkje verte busett. Kachelotplate ligg nord for munningen til elva Ems.

Dei fleste øyane er bilfrie. Unntaket er Borkum og Norderney, som er dei mest folkesette av øyane. Det finst ingen bruer som knyter øyane til fastlandet, og kvar øy har ferjesamband.

Borkum og Norderney var to nazistiske arbeidsleirar på Alderney som fekk namn etter øyane.

Øyane og det omliggande området er ein del av Schleswig-Holsteinisches Wattenmeer nasjonalpark.

mini|none|portrett=1.5|Satellittbilde av øyane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «East Frisian Islands» frå , den 30. mai 2007.

Bakgrunnsstoff Informasjon om geografi og økologi for nokre av dei mindre øyane

Kategori:Øyar i Tyskland Kategori:Dei frisiske øyane