Binnenalster (som tyder 'indre Alster') er ein av to kunstige innsjøar innanfor bygrensene til Hamburg i Tyskland som vert danna av elva Alster (den andre innsjøen er Außenalster).

«Indre» viser her til at sjøen i tidlegare tider låg innanfor bymuren i Hamburg. Innsjøen vart opphavleg danna for å fungere som eit vassreservoar for ei mølle.

I dag eksisterer ikkje lenger bymurane, og to bruer, ei for bil og ei for tog kalla Lombardbrücke og Kennedybrücke går i dag over elva.

Festivalen Alstervergnügen vert halde rundt Binnenalster.

Kjelde

Denne artikkelen bygger på «Binnenalster» frå , den 2. juni 2007.

Kategori:Hamburg Kategori:Innsjøar i Tyskland