Prinsesse Märtha Louise av Noreg () er ei norsk prinsesse, dotter av kong Harald og dronning Sonja.
Märtha Louise vart oppkalla etter farmor si, kronprinsesse Märtha av Noreg. Ho fekk seinare veslebroren Haakon Magnus, som vart kronprins av Noreg.
I 1990 vart den norske grunnlova endra slik at kvinner fekk arverett til trona. Den eldste prinsessa eller prinsen går føre i arverekkja. Endringa vart ikkje gjort med attendeverkande kraft, slik at Märtha Louise kjem bak den yngre bror sin i arverekkja.
1. februar 2002 sa ho frå seg tittelen høgvyrde prinsesse. Ho mottek ikkje lenger apanasje og er sjølvstendig næringsdrivande.
Den 24. mai 2002 vart Märtha Louise gift med forfattaren Ari Behn. Dei har tre døtrer, Maud Angelica fødd i 2003, Leah Isadora fødd i 2005, og Emma Tallulah fødd i 2008.
Som faren stammar Märtha Louise direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over dei som har arverett til den britiske trona.
Mellom utmerkingane Märtha Louise har fått, er òg storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.
Born Maud Angelica Behn (f. 29. april 2003) Leah Isadora Behn (f. 8. april 2005) Emma Tallulah Behn (f. 29. september 2008)
Titlar Hennar Kongelege Høyhet Prinsesse Märtha Louise av Noreg (1971-2002)Prinsesse Märtha Louise av Noreg
Galleri Märtha Louise av Noreg
Sjå òg Liste over den engelske tronfylgja Regjeringa si gåve til bryllupsparet Märtha Louise og Ari Behn
Kategori:Norske prinsesser Kategori:Kongelege frå Oslo Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Elefantordenen Kategori:Huset Glücksburg Kategori:Norske fysioterapeutar