mini|Det merovingiske kongeriket.

Merovingarar eller merovingarane er nemninga på den første kongeætta som rådde over Frankarriket. Dei sat med kongsmakta frå 451 til 751, då karolingarane tok over. Namnet merovingar skriv seg frå Merovech eller Merovic, som rådde for frankarane frå om lag 451 til 458. Merovech er rekna som stamfar til heile ætta, sjølv om overleveringa fortel at slekta skriv seg frå ein Marcomer som var i romersk teneste seint på 300-talet, og sonen hans, Faramond. Frå Faramond finst det ein Lex Salicum, som skal ha vore rettskraftig så seint som i 1415, og grunngav kravet Henrik V av England gjorde på den franske krona.

Merovingarane var ei typisk germansk hovdingætt, og prega fransk og europeisk politikk frå midten av 400-talet til dei vart avsette av karolingarane om lag 751. Særmerket deira var at alle merovingarkongane hadde langt hår, noko som tydde manndom og styrke. Då den siste kongen, Chilperic III, vart sett i kloster, av hushovmeisteren Pippin den stutte, vart kuppet sett i verk ved å symbolsk skjera av han alt håret.

Elles hadde merovingarane, som andre hovdingætter av same slag, tradisjon for samkongedøme, noko som ofte kom til å dele opp kongeriket i den tida dei rådde for frankarane. Dette førte òg til ufred mellom brør og kongesøner. I kongerekkja finn ein difor ofte at fleire rår samstundes.

Kongerekkje Chlodovech I eller Clovis rådde for heile Gallia etter 509 til han døydde i 511.

Chlodovech sameinte så godt som heile det romerske Gallia under sitt styre, so vel som Soissons, som den romerske hærføraren Syagrius hadde rådd for før. Han valde Paris som hovudstad, og dette vart fremste bustaden hans, saman med Soissons, Reims, Metz, og Orléans. Då han døydde, vart riket delt mellom dei fire sønene hans:

Soissons Chlotaire I, 511–561

Paris Childebert I, 511–558 Chlotaire I, 558–561

Orléans Chlodomer, 511–524 Childebert I, 524–558 Chlotaire I, 558–561

Reims Theuderic I, 511–534 Theudebert I, 534–548 Theudebald, 548–555 Chlotaire I, 555–561

Chlotaire I arva etter kvart alle dei frankiske kongedøma etter at brørne eller etterfølgjarane deira var daude. Etter at han sjølv fór av, vart kongedømet delt opp att mellom sønene hans:

Soissons (etter kvart Neustria) Chilperic I, 561–584 Chlotaire II, 584–629

Paris Charibert I, 561–567 Chilperic I, 567–584 Chlotaire II, 584–629

Orléans (Med tida Burgund) Guntram, 561–592 Childebert II, 592–595 Theuderic II, 595–613 Sigebert II, 613 Chlotaire II, 613–629

Reims og Metz (Med tida Austrasia) Sigebert I, 561–575 Childebert II, 575–595 Theudebert II, 595–612 Theuderic II, 612–613 Sigebert II, 613 Chlotaire II, 613–623

Chlotaire II valde Brunhilda og sonesonen hennar. Han sameinte kongedømet på ny. Men i 623 gav han den unge sonen sin til Austrasia for at denne skulle vera konge der. Sonen åt etterfølgjaren hans, Dagobert I, heldt fram denne politikken ved å utnemne ein underkonge for Akvitania, som skulle rå frå Toulouse, i 629.

Neustria og Burgund Dagobert I, 629–639 Chlodovech II, 639–658 Chlotaire III, 658–673 Theuderic III 673 Childeric II, 673–675 Theuderic III, 675–691

Akvitania Charibert II, 629–632 Chilperic, 632 Dagobert I, 632–639

Austrasia Dagobert I, 623–634 Sigebert III, 634–656 Childebert fostersonen, 656–661 Chlothar III, 661–662 Childeric II, 662–675 Clovis III, 675–676 Dagobert II, 676–679

Theuderic III vart krona som konge over alle frankarar i 679. Frå då av kan ein rekne kongedømet som samla att, trass i nokre mindre feidar.

Chlodovech IV, 691–695 Childebert III, 695–711 Chlotaire IV, 717–720 Dagobert III, 711–715 Chilperic II, 715–721 Chlotaire IV, 717–720, berre motkonge i Austrasia. Theuderic IV, 721–737 interregnum 737–743 Childeric III, 743–751

Merovingarar i kulturen Merovingarane spelar ei rolle i nyare utleggingar av segna om Gralen, og Dan Brown knyter slekta til ei gissa blodline etter Jesus og Maria Magdalena. I denne tradisjonen skulle Merovic (med eit namn som er knytt til ord-lekken *mar, hav), vera komen frå havet eller vera son av eit havuhyre, som vert tolka inn i denne tradisjonen. Den faktiske ættlina etter Faramond ser Dan Brown heilt bort frå. Mykje av spekulasjonen kring Da Vinci-koden krinsar om lagnaden til kong Dagobert II.

Kjelder

Alf Henriksons verdshistorie.

Denne artikkelen bygger på «Merovingian dynasty» frå , den 11. juni 2007.

Kategori:Frankarar Kategori:Frankrike i mellomalderen Kategori:Frankiske kongar