Gose er ei elv i Niedersachsen i Tyskland. Ho er ei venstre sideelv til Abzucht og er 7,1 kilometer lang med eit nedbørfelt på 10 km². Gose har utspring nord for Auerhahn i Harz-fjella, på austsida av Bocksberg (726 moh.). Elva renn derfrå mot nordaust gjennom ein trong og bratt dal, til ho munnar ut i Abzucht i vestkanten av byen Goslar, som har namn etter elva. Vatnet vart i tidlegare tider utnytta til å lage det tradisjonelle ølet Gose.

Referansar

Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Niedersachsen