Gan er ei gruppe kinesiske dialektar tala i større delar av nordre og sørvestre Kina. Måla er særleg typiske for Jiangxi-provinsen, og blir også kalla Jiangxi-dialekt. Ein finn også talarar nordvest i Fujian og i nokre delar av Anhui og Hubei.
mini|venstre|Utbreiingsområdet til gan i Kina. mini|venstre|Kart over utbreiinga av sinittiske språk der gan er avmerkt i gult. Klassifisering Som mange andre språk i Kina har gan vore rekna som ein dialekt av kinesisk av forskarar og styresmakter der. Det har same skriftspråk som mandarin, men talarar av dei to måla vil ikkje forstå kvarandre. Språkforskarar klassifiserer gjerne gan som eit eige språk, eller eit språk i lag med hakka, «gan-hakka».
mini|Tonane i gan.
Skildring Gan er eit tonespråk som har fem tonar, i tillegg til to tonar som er like to andre men som endar med konsonantlyden /t/ eller /k/.
Døme norsk ganEtter Gan Swadesh list ved Wikitionary. Uttalen byggjer på Nanchang-uttale.IPA mandarin (pinyin, IPA)Etter Mandarin Swadesh list ved Wikitionary. eg 我 wǒ, du 汝 nǐ me 我俚 wǒmen, de 汝俚 nǐmen, (uformelt)nínmen (formelt) ein 一 yī, to 二 èr, aɻ˥˩ liǎng tre 三 sān, fire 四 sì, fem五 wǔ, dyr 頭牲 dòngwù, fisk魚 yú, fugl雀子 niǎo, tre 樹 shù, blome 花 huā, vatn水 shuǐ, å gå行, 走 zǒu, å symja頑水 yóuyǒng, å eta喫 chī,
Bakgrunnsstoff
Ethnologue sin rapport om Gan
Kjelder
Kategori:Kinesisk språk Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i Kina