Sindelfingen er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 15 km sørvest for Stuttgart.

Byen grensar til Böblingen, Stuttgart og Leonberg, og byen glir faktisk i eitt med Böblingen. Elva Schwippe har sitt utspring i Sindelfingen. I nord ligg naturreservatet Glemswald.

Økonomien i byen er hovudsakleg basert på bilindustrien, særleg fabrikken DaimlerChrysler og kontora til Smart. I mellomalderen låg det eit veveri i byen, og i dag står moteindustrien framleis sterkt her.

Historie Sindelfingen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1155, men sjølve byen vart grunnlagd i 1263 av grev Rudolf von Tübingen-Herrenberg. I 1535 vart byen protestantisk som følgje av reformasjonen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sindelfingen» frå , den 25. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Baden-Württemberg