mini|Lundsæter kraftverk Lundsæter kraftverk er eit vasskraftverk i Stord kommune i Hordaland.
Kraftverket vart opna i 1934 og gjer bruk av fallet på 111,5 meter frå Tysevatnet.
Nedslagsfeltet er på 5 km2 og tilsiget er på 12 millionar m3. Kraftverket har ein effekt på 6,4 MW med to Francisturbinar, og årsproduksjonen er 2,4 GWh.
Anlegget vart bygd av Stord kommune, men eigarselskapet Stord Energi vart i 1999 kjøpt opp av BKK, som i dag eig og driv selskapet.
Kjelder ENERGILINK sitt digitale oppslagsverk
Kategori:Norske vasskraftverk Kategori:Byggverk i Stord Kategori:Næringsliv på Stord Kategori:Kraftverk skipa i 1934