mini|Jökulhlaup frå Hubbardbreen 14. august 2002. Bredeflaum, breflaum eller jøkullaup (islandsk jökulhlaup) er ein plutseleg og ofte katastrofal flaum frå ein isbre. Opphavet til denne typen flaum er anten at ein dam oppdemt av ein bre plutseleg blir tappa eller at eit vulkanutbrot under ein bre raskt smeltar store mengder is. Namnet på omgrepet kjem frå Island der dette er eit fenomen som ikkje er uvanleg.
Dammar kan også bli demt opp av endemorener eller andre forhold rundt breen. I samband med vulkanutbrot under isen vil det ofte bli smelta ei mengde med vatn som ikkje kjem seg ut og som dermed resulterer i eit jøkullaup som kombinerer begge typane. Det som ofte skapar dei store flaumane er når ei bretunge blir løfta opp av oppdrifta i vatnet og plutseleg brest og slepp laus store mengder vatn som har vore stengt inne av breen.
Heller ikkje i Noreg er dette uvanleg. Det er om lag 20 plassar i Noreg der det har gått eller kan gå jøkullaup med jamne mellomrom.M. Jackson og G. Ragulina, Inventory of glacier-related hazardous events in Norway, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Rapoort no. 83 – 2014, nov. 2014. Dei går som regel på seinsommaren når nedsmeltinga har vore størst. I Noreg har dei mest kjende jøkullaupa funne stad i Demmevatnet med store herjingar i Simadalen.H. Elvehøy, J.Kohler, R. Engeset og L.M. Andreassen, Jøkullaup frå demmevatn, Noregs vassdrags- og energiverk (NVE), Rapport 17 1997, 27/6-1997. Det største var i 1937 der ein har rekna ut at om lag 12 million m³ rann ut i løpet av nokre timar.Ut i naturen: Jøkulen - vill, vakker og farlig, NRK TV, 24/4-1912. Fenomenet er òg kjent frå Kollevatnet i Muldal på Sunnmøre der det var relativt store jøkullaup både i 1932 og 1934.A. Klæbo, Farlige fjell, Tell forlag, Oslo 1942. I Svartisdalen i Rana vart det i midt på 1950-talet bygd ein tunell for å tappe ut ein bresjø som kvart år vart demd opp aust for Østerdalsisen.Årbok for Rana 1982. Fremover 30.10.1954 Sjå òg Vatnajökull Glasiologi Helgi Björnsson
Referansar
Kategori:Glasiologi Kategori:Flaumar