Bob Dylan () er ein amerikansk låtskrivar, musikar og kunstmålar som har vore ein av dei viktigaste personane i popverda i over fem tiår. Dei mest kjende og viktigaste songane hans er frå 1960-åra då han starta som ein motvillig frontmann for samfunnsuroa. Fleire av songane hans, som «Blowin' in the Wind» og «The Times They Are a-Changin'» vart temasongar for både amerikanske borgarrettsrørslerDylan song «Blowin’ in the Wind» på ein konsert i Washington D.C. den 20. januar 1986, som markerte innføringa av Martin Luther King Day. Gray, 2006, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 63–64. og krigsmotstand (særleg mot Vietnamkrigen).
Tekstane i dei tidlege songane til Dylan synte påverknad frå både politikk, samfunn, filosofi og litteratur. Tekstane trassa dei eksisterande vedtekne formene for korleis tekstane i popmusikk skulle vere og appellerte stort til den blømande motkulturen. Samstundes som han utvida og personifiserte sjangrar, utforska han òg mange tradisjonelle amerikanske sjangrar, frå folkemusikk, blues og country, til gospel, rock and roll og rockabilly til engelsk, skotsk og irsk folkemusikk og til og med jazz og swing.
Dylan spelar gitar, piano og munnspel. Han har hatt med seg mange forskjellige musikarar og har turnert jamt og trutt sidan slutten av 1980-åra. Det han har oppnådd som plateartist og musikar har vore sentralt i karrieren hans, men det er likevel låtskrivinga hans han vert aller mest hugsa for.
Han har fått mange prisar gjennom åra, som Grammy, Golden Globe og Oscar, han er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, Nashville Songwriters Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame. Juryen for Pulitzerprisen i 2008 gav han ein spesialpris for det dei kalla den inngåande påverknaden hans på popmusikken og amerikansk kultur ved «lyriske komposisjonar med usedvanlig poetisk kraft». I 2016 vart Dylan tildelt Nobelprisen i litteratur.
Liv og karriere Dei første åra Robert Allen Zimmerman (hebraisk namn Shabtai Zisel ben Avraham)Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 14 vart fødd i St. Mary's Hospital den 24. mai 1941 i Duluth i Minnesota, og voks opp her og i Hibbing i Minnesota vest for Lake Superior. Besteforeldra hans på farssida, Zigman og Anna Zimmerman, emigrerte frå Odessa i Det russiske imperiet (i dag Ukraina) til USA etter pogromen i 1905.Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 12–13. Besteforeldra på morssida, Benjamin og Lybba Edelstein, var litauiske jødar som kom til USA i 1902.
Foreldra til Dylan, Abram Zimmerman og Beatrice «Beatty» Stone, var del av eit lite, tett jødisk samfunn. Robert Zimmerman budde i Duluth til han var seks år. Faren vart då råka av polio og familien reiste til heimbyen til mora, Hibbing, der Zimmerman levde resten av barndomen sin. Mykje av barndomen brukte Robert Zimmerman til å høyre på radio, først blues og country frå stasjonar i Shreveport i Louisiana og seinare til tidleg rock and roll.Shelton, No Direction Home, s. 38–39. Han danna fleire band på vidaregåande skule: The Shadow Blasters var kortvarige, men det neste bandet, The Golden Chords, varte lenger og spelte populære songar av andre artistar. I 1959 såg han Buddy Holly på Winter Dance Party-turneen og Zimmerman skreiv at ein av draumane hans var «å bli med Little Richard».Shelton, No Direction Home, s. 39–43. Same året, med namnet Elston Gunnn, spelte han to konsertar med Bobby Vee, der han spelte piano og klappa hender.Bobby Vee-intervju juli 1999, Goldmine. Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 41–42.Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 26–27.
Zimmerman flytta til Minneapolis i september 1959 og tok inn på University of Minnesota. Fokuset på rock and roll gjekk gradvis over til ei interesse i amerikansk folkemusikk. I 1985 forklarte Dylan kva som tiltrekte han mot folkemusikk: «Saka med rock and roll for meg er at det ikkje var nok... Det var flotte slagord og drivande rytmar, men songane var ikkje seriøse eller reflekterte livet på ein realistisk måte. Eg visste at då eg tok til med folkemusikk, så var det noko meir seriøst noko. Songane vart fylt med meir håpløyse, meir sorgmod, meir trimuf, meir tru i det overnaturlege, mykje djupare kjensler.»Biograph, 1985, Platehefte av Cameron Crowe. Like etter byrja han å spele på 10 O'clock Scholar, ein kafe eit par blokker frå universitetsområde og vart aktivt ein del av det lokale folkemusikkmiljøet Dinkytown.Shelton, No Direction Home, s. 65–82.Dette vert omtalt i dokumentarfilmen No Direction Home, regissør Martin Scorsese
I Dinkytown-dagane starta Zimmerman å introdusere seg sjølv som «Bob Dylan». I eit intervju i 2004 forklarte Dylan: «Du vert fødd, veit du, feil namn, feil foreldre. Slikt skjer veit du. Du kan kalle deg sjølv det du vil kalle deg sjølv. Dette er fridomens land.» Chronicles: Volume One, Dylan forklarar i sjølvbiografien sin at han kjende til dikta til Dylan Thomas.Dylan, Chronicles, Volume One, s. 78–79.
1960-åra New York og platekontrakt Dylan slutta på universitetet mot slutten av første året. I januar 1961 flytta han til New York City og håpte der på å få møte og spele i lag med det musikalske idolet sitt, Woody Guthrie, som var alvorleg sjuk med Huntingtons sjukdom i Greystone Park Psychiatric Hospital.Dylan, Chronicles, Volume One, s. 98. Guthrie hadde vore ei openberring for Dylan og var den som hadde størst påverknad på den tidlege Dylan-perioden. Dylan sa seinare om songane til Guthrie at «du kunne lytte til songane hans og faktisk lære å leve livet». I tillegg til at han vitja Guthrie på sjukehuset, vart Dylan ven med følgjesveinen til Guthrie, Ramblin' Jack Elliott. Det meste av repertoaret til Guthrie vart faktisk kanalisert gjennom Elliott og Dylan hylla Elliott på Chronicles (2004).Dylan, Chronicles, Volume One, s. 250–252.
Frå februar 1961 spelte Dylan på forskjellige klubbar rundt i Greenwich Village. I september vart han omsider lagt merke til offentleg då Robert Shelton skreiv ei positiv melding i The New York Times om ein konsert ved Gerde's Folk City.Robert Shelton, New York Times, 21. september 1961, "Bob Dylan: A Distinctive Stylist": Den same månaden spelte Dylan munnspel på det tredjealbumet til visesongaren Carolyn Hester, som var kalla opp etter artisten sjølv. Talentet hans vart då oppdaga av produsenten på albumet, John Hammond. Hammond signerte ein platekontrakt med Dylan for Columbia Records i oktober. Songane på det første albumet hans på Columbia, Bob Dylan (1962), bestod av kjende folke-, blues- og gospelsongar i tillegg til to originale songar. Albumet vart ikkje lagt særleg merke til og selde berre 5000 eksemplar det første året, akkurat nok til at det ikkje gjekk i tap.Scaduto, Bob Dylan, s. 110. I Columbia Records kalla enkelte songaren for «Hammond's Folly» og føreslo å seie opp kontrakten hans. Hammond forsvarte Dylan med alt han hadde og Johnny Cash vart òg ein mektig støttespelar. Medan han arbeidde for Columbia spelte Dylan òg inn fleir songar under psevdonymet Blind Boy Grunt, for Broadside Magazine, eit folkemusikkmagasin og plateselskap.Shelton, No Direction Home, s. 157–158. mini|Med Joan Baez under borgarrettsmarsjen mot Washington, 28. august 1963
Dylan gjorde to viktige karrieresteg i august 1962. Han endra offisielt namnet sitt til Robert Dylan og tilsette Albert Grossman som manager. Grossman var manager for Dylan fram til 1970 og var kjend for både stundom vere konfronterande og for å vere særs lojal mot klienten sin.Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 283–284. Dylan skildra seinare Grossman slik: «Han var ein slags Colonel Tom Parker-type ... du kunne lukte han kome». Gnissingar mellom Grossman og John Hammond førte til at Hammond vart erstatta som produsent for det andre albumet til Dylan av den unge afroamerikanske jazzprodusenten Tom Wilson.Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 115–116.
Frå desember 1962 til januar 1963 reiste Dylan for første gong til Storbritannia.Heylin, 1996, Bob Dylan: A Life In Stolen Moments, s. 35–39. Han hadde vorte invitert av TV-regissøren Philip Saville for å bli med i fjernsynsdramet The Madhouse on Castle Street, som Saville regisserte for BBC Television. Mot slutten av programmet spelte Dylan «Blowin' in the Wind», ein av dei første store offentlege framføringane av songen.Sounes, Howard. Down the Highway: The Life Of Bob Dylan. Doubleday 2001. s. 159. ISBN 0-552-99929-6 Medan han var i London spelte han på fleire folkeklubbar, som Les Cousins, The Pinder Of Wakefield,Web Guardian newspaper © Guardian News and Media Limited 2009 og Bunjies. Han lærte òg nye songar frå fleire britiske artistar, som Martin Carthy.
Det andre albumet til Dylan, The Freewheelin' Bob Dylan, kom ut i mai 1963, og han hadde då starta å gjere seg kjend som både songar og låtskrivar. Mange av songane på albumet vart merka som protestsongar, inspirert delvis av Guthrie og påverka av lidenskapen Pete Seeger hadde for høvessongar.Shelton, No Direction Home, s. 138–142. «Oxford Town» var til dømes ei spotsk forteljing om James Meredith som var den første svarte studenten som prøvde å melde seg inn på University of Mississippi.Shelton, No Direction Home, s. 156.
Den mest kjende songen hans på denne tida, «Blowin' in the Wind», vart delvis skapt av melodien frå ein tradisjonell slavesong, «No More Auction Block», medan teksten stilte spørsmål ved stillstanden i samfunnet og politikken.Heftet av John Bauldie som følgde med The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991 (1991) s. 6–8. Songen har vorte spelt av mange andre og vart ein internasjonal hit for Peter, Paul and Mary, og mange andre artistar skulle seinare få sine hittar av Dylan-songar.«A Hard Rain's a-Gonna Fall» var basert på folkevisa «Lord Randall». Med dei tilslørte referansane til kjernefysisk apokalypse fekk han langt større gjenklang då Cuba-krisa utvikla seg berre eit par veker etter Dylan spelte songen første gong.Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 101–103. Som «Blowin' in the Wind», markerte «A Hard Rain's a-Gonna Fall» ei viktig ny retning i moderne låtskriving og blanda medvitsstraum, imagistisk lyrisk åtak med tradisjonelt folkeviseformat.Ricks, Dylan's Visions of Sin, s. 329–344.
Sjølv om høvessongane til Dylan sementerte det tidlege omdømet hans, inneheldt Freewheelin''' òg ei blanding av kjærleikssongar og spøkefulle, surrealistiske bluessongar. Humor var ein stor del av personlegdomen til Dylan,Scaduto, Bob Dylan, s. 35. og variasjonen på albumet imponerte mange lyttarar, mellom anna The Beatles. George Harrison sa, «Me berre spelte det, sleit plata ut. Innhaldet i tekstane og berre haldninga - det var utruleg originalt og vedunderleg»Mojo, desember 1993.
Den røffe vokalstilen til Dylan gjorde enkelte av dei tidlege lyttarane urolege, men trekte samstundes til seg andre. Joyce Carol Oates skreiv korleis dette var for ho og mannen hennar: «Då vi først høyrde denne rå, unge og tilsynelatande utrente stemma, oppriktig nasal, som om sandpapir kunne synge, var effekten dramatisk og oppeldande.»Hedin (ed.), 2004, Studio A: The Bob Dylan Reader, s. 259. Mange av dei mest kjende av dei tidlege songane hans nådde først eit større publikum gjennom versjonar av andre artistar, som Joan Baez, som var ein stor støttespelar for Dylan og kjærasten hans. Baez var viktig ved å gjere Dylan nasjonalt og internasjonalt kjend då ho spelte inn fleire av dei tidlege songane hans og inviterte han med seg på scenen under konsertane sine.Joan Baez entry, Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 28–31.
Andre som spelte og hadde hittar med songane til Dylan tidleg og midt i 1960-åra var The Byrds, Sonny and Cher, The Hollies, Peter, Paul and Mary, Manfred Mann og The Turtles. Dei fleste gjorde songane meir popaktige og la på meir rytme, medan Dylan og Baez spelte dei som enkle viser. Coverversjonane vart så vanlege at CBS starta å reklamere for Dylan med setninga «Nobody Sings Dylan Like Dylan» («Ingen syng Dylan som Dylan»)