Baltimore er den største byen i delstaten Maryland i USA og ein av dei viktigaste hamnebyane i landet. Byen er nesten heilt omkrinsa av Baltimore County, unnateke i sør. Sjølve byen Baltimore er uavhengig, og ikkje del av noko fylke.

Historie Byen vart grunnlagd i 1729, og oppkalla etter baron Baltimore, ein av dei britiske grunnleggjarane av kolonien Maryland. Hamna tente opphavleg tobakkshandelen i byen. Men seinare tente ho også den amerikanske samhandelen med Europa og Karibia. Då Philadelphia var okkupert av britane i 1777, hadde kontinentalkongressen møte i Baltimore.

I 1827 vart den første jernbanelina i USA, Baltimore & Ohio Railroad, opna i Baltimore.

Hamna utvikla seg på 1800-talet til den nest største innvandringshamna i USA, etter New York.

Folk frå Baltimore

Frank Zappa (1940–1993), musikar, komponist John Bolton (f. 1948), tidlegare rådgjevar til USA sin president Ta-Nehisi Coates, forfattar

Bakgrunnsstoff http://www.ci.baltimore.md.us (engelsk) http://www.baltimoretourism.com (engelsk)

Kjelder Frå Wikipedia på bokmål

Kategori:Byar i Maryland