Marius Müller () var ein norsk gitarist, vokalist, låtskrivar, programleiar og plateprodusent. Han voks opp på Manglerud i Oslo og starta karrieren som profesjonell musikar alt som 16 åring. Han vart for alvor kjend i 1981 med låten Den du veit og gav ut fem soloalbum og fem album med bandet Funhouse der han var frontfigur. I tillegg var han gitarist i musikkgruppa Lava ein periode. Müller vann Gammleng-prisen 1985 i klassen pop. Marius Müller omkom den 14. mars 1999 etter ei bilulykke på Østre Akervei i Groruddalen i Oslo.

Diskografi Soloalbum 1981 – Den du veit 1982 – Er'e så nøye 'a 1983 – Marius 1985 – The Big Beat 1995 – Seks 2000 – Marius Müller (Samlealbum)

Album med Funhouse 1990 – Funhouse 1991 – Maximum 1993 – Big 1994 – Plugged! (Livealbum) 1997 – Det norske huset

Bakgrunnsstoff En hyllest til Marius Müller Facebook-side til minne om Marius Müller Marius Müller på IMDb

Kategori:Norske musikarar Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Døde i trafikkulukker