Ferguson var eit tidlegare traktormerke, stifta av Harry Ferguson, som saman med Willie Sands, Thomas McGregor Greer og John Chambers utvikla eit trepunktsoppheng med hydraulisk djupnekontrollC. Fraser, Harry Ferguson — Inventor and pioner, Old Pond, 1972.. Etter omfattande eksperiment med ulike måtar å festa ein plog til ein traktor kom dei fram til trepunktsopphenget som enda i dag vert nytta på dei aller fleste landbrukstraktorane.

Harry Ferguson hadde ikkje økonomiske midlar til å starta traktorproduksjon, så han laut finna seg samarbeidpartnarar. Den fyrste var David Brown i Huddersfield, deretter Ford i USA, og så Standard Motor Company i Coventry. I 1953 gjekk Ferguson og Massey Harris saman til det som vart til Massey Ferguson.

Traktorane til Ferguson var svært moderne då dei kom på marknaden, men dei var etter måten kostbare og for å få nytte av trepunktsopphenget var det naudsynt med tilpassa reiskapar, og mange kvidde seg for ei så stor investering. Det var ikkje før på 1940-talet at salet skaut fart. Etter 2. verdskrig vart Ferguson, og seinare Massey Ferguson, ein av verdas leiande traktorprodusentar. I Noreg fekk Ferguson og Massey Ferguson ein dominerande posisjon i etterkrigstida og har framleis ein framskoten posisjon.

Utviklinga av trepunktsopphenget og automatisk djupnkontroll

Harry Ferguson og slepeplogane Under fyrste verdskrig fekk Storbitannia problem på grunn av at tyske ubåtar senka handelsskipa som frakta mat til landet. Regjeringa oppmoda difor til auka matproduksjonen. Men det var ikkje så lett, ettersom både mannskap og hestar vart rekvirerte av militæret. Løysinga tyktest å liggja i mekanisering av landbruket og Harry Ferguson starta import av traktoren Waterloo Boy frå USA, som han selde vart traktoren seld under merkenamnet «Overtime» i Storbritannia. Saman med Willie Sands reiste Harry Ferguson rundt og demonstrerte denne traktoren med ein 3-skjers Cockshutt-plog. Desse demonstrasjonane var så overtydande at regjeringa våren 1917 leidde Ferguson til å halda demonstrasjonar over heile Irland (som framleis var under britisk okkupasjon).

Som vanleg på denne tida, vart plogen dregen etter ein kjetting festa til traktoren. Ferguson vart snøggt klar over problema med dette arrangementet og tok til å grubla på korleis det kunne gjerast betre. Han kom til at det som skulle til var ei tettare kopling mellom plog og traktor. Det er uvisst om Ferguson var kjend med festeanordningane på motorplogane. Desse hadde ei tett kopling mellom plog og traktor, men av ein meir primitiv type enn trepunktsopphenget som Ferguson seinare utvikla.

Belfastplogen mini|Belfastplogen. Frå US Patent 1,379,399H. Ferguson, Tractor hitch, US Patent 1,379,399, 24. mai 1921.. På grunn av at personbilen Ford T var svært billig vart det selt mange forskjellige konvergeringssett, slik at han skulle kunna nyttast i jordbruket. Desse konvergeringane gjekk stort sett ut på å setta på større drivhjul, av stål, og endra utvekslingstilhøvet i transmissjonen, for å redusera farten. Ferguson fekk tak ei eit Eros konvergeringssett og bygde ein plog som var festa til bakakselen. Plogen hadde ei mekanisk fjørbelasta løfteanordning. Denne plogen har i ettertid vorte kalla «Belfastplogen». Plogen vart produsert av E.G. Staude Manufacturing i Minnesota, USA og vart importert til Storbritania av Morris Russel & Co. i London.

Dette var i 1917, same året som Fordson F-traktorane vart sette i produksjon. På grunn av at Fordson F var så billig i høve til andre traktorar var det ikkje lenger noko interesse for å nytta Ford T og marknaden for Belfastplogen kollapsa i Storbritania (i Nord-Amerika vart ikkje Fordson F tilgjengeleg før i 1918). Då Ferguson fekk kjennskap til Fordson F vart han imponert over den enkle men samstundes moderne byggemåten og tok straks til å tilpassa plogen sin til Fordson F. Plogen var festa under traktoren, framom bakakselen, slik at traktoren ikkje steila om plogen køyrde seg fast i jordfast stein eller røter. Fergusom fekk patent på denne plogen i 1921.

Duplexplogen mini|Plogen som Ferguson patenterte i 1924. mini|Duplexplogen montert på ein Fordson F i 1922. Harry Ferguson sit på traktoren. Det Ferguson var på leiting etter var ein måte for å overføra vekt frå plogen til drivhjula på traktoren, for å forbetra markgrepet. Han ønskte å verta kvitt djupnehjulet på plogen. Saman med Sands enda han opp med ein 2-skjers plog opphengt i ei tilnærma parallelføring, som hadde to horisontale nedre stag og eit øvre stag. Desse var så festa til eit vertikal oppheng, som i sin tur var festa til traktoren med to vertikale boltar, slik at plogen var fri til å svinga i horisontalplanetJ.D. Eddy, New plow a unit with the tractor - Unique implement attached to Fordson is demonstrated, Farm Mechanics, Sept. 1922.. Det eine festet var plassert omlag i same høgd som trekkbommen vanlegvis var plassert og det andre var plassert over dette.

Ved å justera geometrien på denne festeanordinga kunne pløyedjupna justerast, men ikkje haldast konstant når åkeren var ujamn eller stivheita til jorda varierte. Etter ei tid fann Sands på å setta på ein liten meie som vart plassert bak på plogen. Denne meien fungerte som ein sensor som målte pløyedjupna. Rørslene til denne sensormeien vart nytta til å endra geometrien for å halda pløyedjupna konstant, men det fungerte ikkje så godt når stivheita til jorda endra seg. Den vertikale geometrien til duplexplogen var likevel ein viktig steg i utviklinga av trepunktsopphenget.

Duplexplogen var ikkje fri til å rotera vertikalt i opphenget, så når han kjøyrde seg fast i stein eller røter vart traktoren hindra i å steila og tippa rundt attover. Dette hadde tidlegare vore eit stort problem med Fordson-traktoren.

Den fyrste utgåva av denne plogen var klar i 1919. Ferguson fekk patent på dette prinsipped i 1924H. Ferguson, Agricultural implement, US Patent 1,501,652, 15. july 1924.

Ferguson hadde ikkje midlar til å produsera plogen sjølv og det var fyrst i 1925 at han fekk til eit samarbeide med brødrene Sherman i USA. Plogen vart difor ofte omtala som «Ferguson-Sheerman-plogen». Det var ikkje Ferguson, men Muir Hill i Manchestar, som fram til 1928 importerte plogen til Storbritania. I 1928 la Ford ned produksjonen av Fordson F i USA og flytta produksjonen til Cork i Eire. Men Duplex-plogen vart produsert i USA og marknaden der vart så godt som borte. Produksjonen vart difor lagt ned.

Utviklinga av automatisk djupneregulering Duplexplogen vart ikkje nokon suksess, for pløyedjupna varierte for mykje og føraren måtte stadig korrigera djupna manuellt. Saman med Sands and Greer heldt Ferguson fram med å forbetra måten plogen var festa til traktoren. Ferguson var svært ihuga på å finna ein metode som automatisk regulerte pløyedjupna, utan å nytta djupnehjul. Han var òg oppteken av at prinsippet skulle fungera med andre reiskap enn plog. Dei kom til at det kunne vera fornuftig måla trekkkrafta for å styra ei løfteanordning som heva eller senka plogen proporsjonalt med trekkrafta. På denne måten ville ein, under føresetnad om at stivheita til jorda ikkje varierte, oppnå automatisk regulering av pløyedjupna.

I 1926 fekk Ferguson patent på dette prinsippet i Storbrittania H. Ferguson, Apparatur for coupling agricultural implements to tractors and automatically regulating the dept of work, British Patent No. 253566, juni 1926. og i 1927 fekk han patent i USAH. Ferguson, Agricultural implement, US Patent 1,637,811, 2. august 1927.. Desse patenta var svært generelle og nemnde fleire metodar for å realisera djupneregulering. Forutan mekaniske og hydrauliske system var òg bruk av elektromotorar nemnt. I starten vart det arbeidd med ei mekanisk løfteanordning, med koniske slurekoblingar, men desse var utsette for sterk slitasje og varte ikkje så lange. Det var i desse åra at dei kom på å nytta hydraulikk for å løfta plogen og det vart til at dei satsa på å utvikla eit hydraulisk reguleringssystem.

I starten vart det nytta to øvre og ei nedre trekkstong, som på Duplexplogen. Den nedre trekkstonga som fungerte som ein sensor som målte krafta som skulle til for å trekkja plogen. Den fyrste prototypen, montret på ein Fordson F, var ferdig i 1928 og var bygd etter dette prinsippet. Strekkrafta i den nedre trekkstonga vart konvertert til ei rørsle som kontrollerte ein hydraulisk ventil, som i sin tur kontrollerte oljetilførselen til ein hydrauisk sylinder som løfta eller senka plogen.

Når plogen hadde rett djupn vart forbindelsen til løftesylinderen stengt. Om plogen gjekk for djupt auka strekkrafta i den nedre trekkstonga. Denne krafta vart konvertert til ei rørsle som opna ein ventil som sleppte olje frå pumpa inn i løftesylinderen. Dette førte til at plogen vart løfta nok til at strekket i trekkstonga minka så mykje at ventillen på nytt stenge inntaket til løftesylinderen. Om plogen derimot gjekk for grunt minka strekkrafta i trekkstonga, noko som førte til at ventillen opna utløpet frå løftesylinderen. Dermed tok oljen til å strauma ut or sylinderen og plogen vart senka. Når plogen så gjekk djupare auka strekkrafta atter i trekkstonga og ventillen stengde utløpet frå løftesylinderen.

Etter å fyrst ha eksperimentert med ei skråskivestempelpumpe som kunne levera ein variabel oljestraum enda dei opp med å nytta ei 4-sylindra stempelpumpe som leverte ein konstant oljestraum. Regulatoren returnerte den overflødige oljen til reservoaret via ein overtrykksventil, noko som førte til kraftig oppvarming av oljen. Det førte dessutan til at det vart blanda luft inn i oljen, slik at olje/luftblandinga oppførte seg som ei fjør og resulterte i at reguleringa vart svært unøyaktig. Problemet var så seriøst at luftbobler av og til førte til at systemet slutta å fungera. Dette skapte store problem i fleire år framover og vart ikkje løyst før i 1935 då Ferguson kom på å flytta ventillen til innsugningssida på pumpa. Å stenga for inntaket på ei pumpe fører vanlegvis til kavitasjon, men så lenge det fungerte brydde ikkje Ferguson seg om kva som stod i lærebøkene.

Eit anna problem var at regulatoren var for følsam, slik at pløyedjupna vart ujamn. Dette problemet vart løyst ved å bygga om festeanordninga til to nedre trekkstenger (som lyfta reiskapen) og eit øvre stag, i dag kalla toppstag. Det var no trykkrafta i toppstaget som vart nytta som kraftsensor. Dette førte til ei forbetring, men problemet vart ikkje helt løyst før fleire år etter at systemet var sett i produksjon. Det er uvisst om det var ulineæritet (hysterese) eller for liten demping som førte til desse problema. Eit reguleringssystem som har for lite demping vil oscillera.

Om plogen støytte på ein jordfast stein førte trykkrafta i toppstaget til at ventillen i hydraulikkpumpa vart ført så langt ut av stilling at både inn- og utløpet vart opna. Oljen i sylinderen kunne dermed fritt strøyma ut, slik at løftekrafta i trekkstengerne forsvann og vektoverføringa til bakhjula vart oppheva. Men trykket i toppstaget var framleis til stades og hindra at traktoren steila. Resultatet var at det reduserte markgrepet førte til at drivhjula spann. Forutan at dette hindra ulukker, reduserte dette faren for at reiskapen vart skadd. Denne sikkerheitsfunksjonen vart ikkje bygd inn inn i systemet men vart «oppdaga» under testing av Ferguson Black Tractor, etter at ventillen var flytta til innsugningssida av hydraulikkpumpa.

Den horisontal geometrien til trepunktsopphenget