For kyrkja med same namn i Selje i Nordfjord, sjå Leikanger kyrkje i Nordfjord. For kyrkja med same namn i Leikanger i Sogn, sjå Leikanger kyrkje i Sogn.

Leikanger kyrkje er ei åttekanta trekyrkje på Leikong i Herøy kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja stod opphavleg på Sjøholt i Ørskog, der ho hadde stått frå 1807, og vart flytt til Leikong i 1872. Den seinare eidsvollsmannen Elling Olsson Valbø stod bak kyrkja frå Ørskog. J.F.L. Dreiers bilete frå 1826 viser kyrkjebygget då det stod på Sjøholt, men Dreiers fantasifulle teikning framstiller bygget som ei krosskyrkje. Siste gudstenesta på Sjøholt vart halde 7. april 1872. Deretter vart kyrkja plukka ned og frakta med båt til Leikong. Ørskog fekk 750 specidalar for bygget. Før året var omme var kyrkja reist på dei ny tuftene på Leikong, 26. januar 1873 vart kyrkja på Leikogn vigsla. Bygget var først tekt med spon, nokre år seinare kom det skifter fordi spona ikkje held.Grimstad, Arnljot (2012): Korleis det kom kyrkje på Leikong. Årsskrift 2012, Ørskog historielag, hefte nr 22. Tårnet var først sett opp over våpenhuset, men vart flytta tilbake til sin opphavlege plass midt på taket ved restaureringa i 1960. Frå Sjøholt kom ei inngangsdør og preikestolen frå 1642 med. Preikestolen er dekorert med utskjeringar. Altartavlen er ved Bergen Museum, men i 1948 fekk Leikong ein kopi som er sett opp i kyrkja.

Kyrkja har 380 sitjeplassar.

Bilete

Kjelder Nettstaden til Herøy kommune: «Leikanger kyrkje»Arkivert utgåve Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7

Bakgrunnsstoff

JFL Dreiers bilete frå 1826 på Digitalt Museum

Kategori:Kyrkjer i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Kyrkjer i Søre Sunnmøre prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1807 Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Herøy i Møre og Romsdal