Fairport Convention er eit engelsk folkrock- og seinare elektrisk folk-band, danna i 1967 og framleis aktive i dag. Dei vert i stor grad rekna som den viktigaste gruppa i utviklinga av engelsk folkrock.B. Sweers, Electric Folk: The Changing Face of English Traditional Music (Oxford University Press, 2005), s. 86. Det tidlege albumet deira Liege and Lief vert rekna som albumet som lanserte elektrisk folk eller engelsk folkrock, som gav ein særeigen engelsk identitet i rocken og var med på å auke merksemda for tradisjonsmusikk generelt. Dei mange medlemmane som har vore innom bandet vert ofte rekna blant dei høgast verdsette og viktigaste musikarane i sine periodar, og har spelt i mange andre kjende band, eller hatt viktige solokarrierar. Sidan 1979 har dei vore vertar for Cropredyfestivalen, som er den største årlege hendinga av sitt slag i England. Kvar for seg og i lag har medlemmane i Fairport Convention fått mange prisar for medverknaden sin til musikk og kultur.

Historie Opphav Bassist Ashley Hutchings møtte gitarist Simon Nicol nord i London i 1966 då dei begge spelte i Ethnic Shuffle Orchestra. Dei øvde i etasjen over legepraksisen til far til Nicol i eit hus kalla «Fairport» i Fortis Green, nord i London, og dette var opphavet til namnet då gruppa kom saman som Fairport Convention i 1967 med Richard Thompson på gitar og Shaun Frater på trommer.B. Hinton, and G. Wall, Ashley Hutchings: The Guv'nor & the Rise of Folkrock, (London: Helter Skelter, 2002), s. ??. Etter den første konserten deira i St Michael's Church Hall i Golders Green, nordvest i London den 27. mai 1967, hadde dei den første av dei mange besetningsendringane då eit medlem av publikum, trommeslagaren Martin Lamble, overbeviste bandet om at han kunne gjere ein betre jobb enn Frater og erstatta han.P. Humphries, Meet on the Ledge, a History of Fairport Convention (London: Virgin Publishing Ltd, 2nd edn 1997), s. 6-7. Dei fekk kort tid etter ein kvinneleg songar, Judy Dyble, som gav dei ein særeigen stil blant dei mange banda i London på denne tida.Humphries, s. 7-9.

Dei første tre albuma, 1967-1969 Fairport Convention spelte snart fast på undergrunnsklubbar som UFO og The Electric Garden (som seinare vart Middle Earth Club)Simon Nicol, Fairport Convention Official Website retrieved 14/01/09 . Etter berre nokre månader fanga dei merksemda til manager Joe Boyd, som sikra dei kontrakt med Polydor Records. Boyd foreslo at dei utvida besetningen med ein annan mannleg vokalist. Songaren Iain Matthews (då kjend som Ian McDonald) kom med i bandet og det første albumet deira, Fairport Convention, vart spelt inn seint i 1967 og kom ut i juni 1968. På dette tidlege stadiet såg Fairport mot amerikansk folk og folkrockartistar som Joni Mitchell, Bob Dylan og The Byrds for material og inspirasjon. Namnet «Fairport Convention» og at dei hadde to solovokalistar gjorde at mange trudde dei var eit amerikansk band, og dei fekk kallenamnet «det britiske Jefferson Airplane» i denne perioden.Observer Music Monthly henta 26. januar 2011.

Etter skuffande platesal signerte dei ein ny kontrakt med Island Records. Før den neste innspelinga forlet Judy Dyble bandet og vart erstatta av Sandy Denny, ein visesongar som tidlegare hadde spelt inn plater som soloartist og i lag med Strawbs. Den særeigne stemma til Denny, skildra av Clive James som «open, lågmelt og med stor kraft» er eit av kjennemerka på dei to albuma som kom ut i 1969: What We Did On Our Holidays og Unhalfbricking.C. James, ‘In a lonely moment’ henta 26. januar 2011. Desse innspelingane synte at dei hadde vokse musikalsk og låtskrivinga til bandet hadde vorte betre. Dei første av desse vart skriven av Thompson og heitte «Meet on the Ledge», som vart den andre singelen deira og etter kvart ein uoffisiell kjenningsmelodi for bandet. På det andre av desse albuma finn ein fiolinisten Dave Swarbrick på ei innspeling av «A Sailor's Life», ein tradisjonell song som Denny tok med seg frå viseklubbtida til bandet. Denne innspelinga markerte eit viktig vendepunkt for bandet, og tennte ei interesse for tradisjonell musikk for Ashley Hutchings som gjorde omfattande undersøkingar i biblioteket English Folk Dance and Song Society i Cecil Sharp House. Dette temaet vart grunnlaget for det neste, og langt meir ambisiøse albumet deira.Hinton and Wall, s. ??

Desse to albuma gjorde bandet meir kjende. Radioprataren John Peel forfekta musikken deira og spelte albuma deira på det viktige showet sitt på BBC. Peel spelte òg inn fleire opptak som seinare vart gjeven ut som albumet Heyday (1987). Dei fekk suksess med singelen «Si Tu Dois Partir», ein franskspråkleg versjon av Bob Dylan sin «If You Gotta Go, Go Now». Singelen nådde 21. plassen på singellista i Storbritannia, men sikra bandet ein plass på Top Of The Pops, eit av dei mest populære musikkprogramma i Storbritannia gjennom tidene.Humphries, s. 37.

Utviklinga av elektrisk folk Den 12. mai 1969, på veg heim frå ein konsert i Birmingham, kræsja varebilen til Fairport på motorvegen M1. Martin Lamble, berre nitten år gammal, og Jeannie Franklyn, kjærasten til Richard Thompson, vart begge drepne. Resten av bandet fekk òg skadar, nokre alvorlege.Sweers, s. 89. Ulukka hadde sterk påverknad på bandet.History: Simon Nicol writes about Fairport ved www.fairportconvention.com Det vart nesten oppløyst og Matthews forlét dei, og danna etter kvart Matthews Southern Comfort.Humphres, s. 27. Bandet kom derimot saman att med Dave Mattacks på trommer og Dave Swarbrick, som hadde medverka til Unhalfbricking, vart no eit fullt medlem. Boyd fekk bandet inn i eit leigd hus i Farley Chamberlayne nær Winchester i Hampshire, der dei kom til kreftene igjen og arbeidde med å blande britisk folkemusikk med rock and roll. Resultatet vart det fjerde albumet Liege & Lief.Hutchings, Ashley. Liege and Lief. 2002, Island Records reissue, IMCD 291 / 596 929-2, CD-heftet.

Liege and Lief vert vanlegvis rekna som høgdepunktet i den lange karrieren deira, og vart eit stort sprang framover i konsept og musikalitet. Albumet bestod av seks tradisjonelle songar og tre originale songar skriven i liknande stil. Av tradisjonelle songar finn ein den episke «Tam Lin», som varer over sju minuttar, og «Matty Groves» som varer over åtte. Det var ein medley på fire tradisjonelle songar, og mange av dei var livleg arrangert med Swarbrick si energiske felespeling. Den første sida opna og slutta med to originale songar, «Come all ye» og «Farewell, Farewell», som i følgje teksten på plateomslaget gav plata ei kjensle av å vere eit konseptalbum. «Farewell, Farewell» og den siste songen «Crazy Man Michael» synte òg låtskrivartalentet til Thompson, som skulle karakterisere bandet seinare og den påfølgjande solokarrieren hans. Den særeigne stilen på albumet kjem av at dei nytta elektriske instrument, med den disiplinerte tromminga til Mattacks og feleakkompagnementet til Swarbrick i ein overraskande og mektig kombinasjon av rock og tradisjonell musikk. Heile bandet nådde eit nytt musikalsk nivå med dei flytande gitarane til Thompson og den «overjordiske» vokalen til Denny.Allmusic, henta 26. januar 2011.

Eit par britiske band hadde tidlegare eksperimentert med å spele tradisjonelle engelske songar på elektriske instrument (som Strawbs og Pentangle), men Fairport Convention var det første engelske bandet som fokuserte på å gjere dette.R. Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock (Backbeat Books, San Francisco, 2003), s. 157. Sjølv om dette i dag ofte vert kalla folkrock, nytta bandet og pressa på denne tida uttrykket elektrisk folk eller engelsk folk, får å skilje det frå meir amerikanskinspirert musikk.Sweers, s. 23. Desse skildringane vert lite nytta i dag. Fairport Convention fann ikkje opp folkrock, men skapte ei særeigen engelsk grein av sjangeren, som seinare skulle utvikle seg og vekselverke med amerikanskinspirert musikk, men kan òg reknast som ein særeigen nasjonal reaksjon i opposisjon mot han.Sweers, s. 4.

Liege & Lief vart lansert med ein utseld konsert i Royal Festival Hall i London seint i 1969. Det nådde 17. plass på den britiske albumlista og låg på lista i femten veker.UK Charts

1970-åra Det oppstod usemjer om kva retning bandet skulle ta etter denne suksessen. Ashley Hutchings ønskte å utforske meir tradisjonell musikk og forlet bandet for å danne grupper som òg vart viktige for engelsk folkrock, Steeleye Span og Albion Band.Humphries, s. 52. Sandy Denny forlet gruppa og danna sitt eige band, Fotheringay. Dave Pegg tok over på bassgitar og har vore med i bandet sidan. Bandet gjorde ingen seriøse forsøk på å erstatte Denny, og sjølv om ho kom attende til bandet ein kort periode, vart stilen til bandet no karakterisert av mannlege vokalistar.

Trass i desse endringane produserte bandet eit nytt album, Full House (1970) som vart eit suksessfullt prosjekt. Som med forgjengaren kombinerte dei tradisjonelle songar, som ei mektig utgåve av «Sir Patrick Spens» med originale songar. Songane vart hovudsakleg skrivne av Thompson og Swarbrick i lag, mest synleg på «Walk Awhile», som vart ein fast song på konsertane deira. Trass i at Denny forlet bandet, hadde dei framleis fire vokalistar, mellom anna stemmene til Nicol og Swarbrick, som skulle dominere lydbiletet i denne perioden. Albumet fekk god kritikk i både Storbritannia og Amerika og dei vart samanlikna med The Band i Rolling Stone som erklærte at «Fairport Convention er betre enn nokon gong.»Rolling Stone-melding, henta 26. januar 2011 . Albumet nådde 13. plass på den britiske albumlista og vart liggande på lista i elleve veker. Same året gav bandet ut ein ny singel, «Now Be Thankful», og debuterte i Amerika med ein turne i lag med Traffic og Crosby, Stills, Nash and Young.Richard Thompson si offisielle nettside, henta 26. januar 2011 .

Like etter albumet kom ut forlet Thompson bandet for å gjere andre prosjekt og etter kvart starte ei solokarriere. Dermed vart det Simon Nicol, som det einaste originale medlemmet, og Dave Swarbrick som tredde fram som dei førande kreftene i bandet. I 1970 flytta medlemmene og familiane deira inn i The Angel, ein tidlegare pub i Hertfordshire og dette inspirerte det neste albumet deira, Angel Delight (1971) det første til bandet som nådde albumlista i USA med ein 200. plass. Det vart òg det einaste albumet deira som nådde Topp 10 i Storbritannia.The Official Charts, henta 26. januar 2011. Det neste prosjektet var ein ambisiøs folkrockopera utvikla av Swarbrick, basert på livet til John «Babbacombe» Lee, «mannen dei ikkje klarte å hengje», og resulterte i albumet Babbacombe Lee (1971). Konseptformatet, opphavleg utan fråskilde spor, skapte mykje presseomtale og albumet vart ein del spelt på radio i USA der det nådde 195. plass. Ei utgåve vart produsert av BBC for TV i 1975 med forteljarstemme av Melvyn Bragg.(Mostly) English Folk Music, henta 26. januar 2011 . Desse to albuma er òg kjende som første gong der Fairport hadde spelt inn to album på rad med same besetning. Det vart derimot ikkje lenge, og Simon Nicol forlet bandet seint i 1971 for å bli med Ashley Hutchings i hans Albion Band. Like etter følgde Mattacks etter.Humphries, s. 95-7.