Paxí (gresk Παξοί) er den minste av Dei joniske øyane. Faktisk er det greske namnet ei fleirtalsform som viser til ei heil gruppe øyar, der dei største er Paxós og naboøya Andípaxi.
Paxí er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øyane administrativt til under periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane.
I gresk mytologi danna Poseidon øya då han slo Kérkyra med gaffelen sin, slik at han og kona Amfitrite kunne få litt ro.
Geografi Øya er om lag 13 km lang. Vestkysten er dominert av bratte kalksteinsklipper med mange blå grotter, som ein kan nå med båt frå Gáios. Mykje av landskapet er framleis dekt av olivenlundar. Desse strekkjer seg frå Lákkas, hamnelandsbyen i nord, via Magaziá til Gáios, hovudbyen. Produksjon av olivenolje, såpe og fiske er supplement til turismen, som har vore hovudindustrien på øya sidan 1960-åra. På denne tida vart kysten rundt Gáios kraftig ombygd for å ta imot turistane. Det går dagleg ferjer og hydrofoilar frå Kérkyra og til Párga på fastlandet, i tillegg til sjøflysamband med Kérkyra by i turistsesongen. Stundom går det òg båt til Albania (feriebyen Saranda og den gresk-romerske busetnaden Butrint).
Historie Sjølv om øya har vore busett sidan førhistorisk tid, vert fønikarar rekna som dei første innbyggjarane på Paxí. Ein meiner at namnet på øya kjem frå Pax, som tyder «skifer» på deira språk.
Romarane styrte øya frå 200-talet fvt. og under perioden med austromersk styre og i mellomalderen vart øya stadig plyndra av sjørøvarar. Etter fleire herskarar og etter krosstoga var ferdig vart øya teken av Republikken Venezia mot slutten av 1300-talet.
Under napoleonskrigane vart Dei joniske øyane teke av Frankrike, så ein russisk-osmansk allianse, og til slutt av Storbritannia, som oppretta Den sameinte joniske unionen i 1815. I 1864, i lag med resten av Dei joniske øyane, vart Paxí ein del av Hellas.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Gáios 498 706 Oziás 196 191 Lákka 147 166 Bogdanátika 135 132 Vlakhopoulátika 102 130
Dei andre busetnadene på øya er:
Småøyar i kommunen: Andípaxi (21) Panajía (0)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paxi» frå , den 29. juli 2007.
Referansar
Bakgrunnsstoff Turistinformasjon Offisiell side
Paxi Paxi Paxi