Hallgeir J. Elstad () er ein norsk teolog, professor og prest. Han er fødd i Vestvågøy i Lofoten, tok teologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo og praktisk-teologisk eksamen ved Det praktisk-teologisk seminaret 1990. Ordinert til prest i Borge kyrkje same året. I tillegg til feltprestteneste har han vore vikarprest fleire stader i landet, og var nominert til biskop i Sør-Hålogaland bispedømme i 2015 og 2023.
Stipendiat i kyrkjehistorie (Norges Forskningsråd) 1992-97, med permisjon 1994-95 for å vere amanuensis (vikar) ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo. 2004-2005 var han rektor ved Kirkelig utdanningssenter i nord (KUN), Tromsø, frå 2007 førsteamanuensis og frå 2009 professor i norsk kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Prodekan ved Det teologiske fakultet 2012-2018 (studiedekan og seinare forskingsdekan), fungerande forskinigsdekan haustsemesterer 2022, studiedekan nov. 2024-2026 og prodekan haustsemesteret 2026.
Elstad tok teologisk doktorgrad (kyrkjehistorie) i 1998, på doktoravhandlinga «...en Kraft og et Salt i Menigheden...» Ein studie av presteskapet i Norge i siste halvpart av 1800-talet, dei såkalla «johnsonske prestane» (UniPub 2000). Har elles m. a. skrive «...midt i den norske kirke...» Det praktisk-teologiske seminar gjennom 150 år, 1848–1998 (Det praktisk-teologiske seminars skriftserie nr. 3, Oslo 1998), I dialog. Norske Kyrkjeakademi 1956-2006 (KIFO Perspektiv Tapir Akademiske forlag 2006), fleire lærebøker i kristendomshistorie, i tillegg til artiklar i antologiar, fagtidsskrift og aviser.
Han var engasjert i lokalpolitikk, mellom anna som kommunestyremedlem i Vestvågøy, Skjåk og Sørum. Medlem av Kirkehistorisk Samfunn sidan 1998, leiar frå 2025. Elstad vart medredaktør i Teologisk Tidsskrift i 2014.
Kjelder
Kategori:Norske teologar Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Vestvågøy