Erikoússa (gresk Ερεικούσσα) er den folkerikaste av dei diapontiske øyane, ei gruppe småøyer nordvest for Kérkyra i Dei joniske øyane. Administrativt høyrer Erikoússa til periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane, og var tidlegare eigen kommune. Øya vart innlemma i kommunen Kérkyra i 2011, men inngår frå 2019 som ei kommunaleining i kommunen Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane.
Ved folketeljinga i 2021 hadde øya og kommunaleininga Erikoússa 447 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 303 innbyggjarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ereikoussa» frå , den 1. august 2007.
Bakgrunnsstoff Erikoússa på GTP sine reisesider
Erikoussa Erikoussa Erikoussa Erikoussa