Dokumentasjonsprosjektet er eit samarbeidstiltak mellom dei humanistiske miljøa ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Trondheim og Universitetet i Tromsø med sikte på ta i bruk moderne datateknikk for å gje tilgang til samlingar over språk og kultur i Noreg. Prosjektet vart gjennomført frå 1992 til 1997. Universitetet i Oslo har sidan hatt ansvaret drift og vidareutvikling av databasane.

Informasjon som har lege spreidd i ulike arkiv og samlingar—i manuskript, katalogar, hefte, bøker eller på arkivkort—er konvertert til elektronisk form. Konverteringsarbeidet vart gjort mogleg ved at universiteta engasjerte seg i ulike sysselsettingstiltak.

Gjennom dokumentasjonsprosjektet har publikum fått tilgang til samlingar innan områda arkeologi, etnografi, folkloristikk, historie, mellomalderhistorie, leksikografi, litteratur, myntar/numismatikk og stadnamn.

Døme på samlingar innan desse hovudområda kan vere arkeologiske hovudkatalogar, Just Qvigstad sine brev, balladetekstar, tingbøker, Diplomatarium Norvegicum, Norsk Ordbok, tekstar av 28 norske forfattarar, utstillinga Norsk mynt i 100 år og Ryghs Norske Gaardnavne.

I samarbeidsprosjekt med Stiftinga Nynorsk kultursentrum (tidlegare Ivar Aasen-stiftinga) presenterer Dokumentasjonsprosjektet nettportalen«Nynorsk på nettet», ei eiga nettside for nynorsk og nynorskmaterialet til Dokumentasjonsprosjektet.

Bakgrunnsstoff Portal til Dokumentasjonsprosjektet Eining for digital dokumentasjon ved UiO er eit framhald av Dokumentasjonsprosjektet nynorsk på nettet

Kategori:Norske nettstader Kategori:Oppslagsverk tilgjengelege på Internett Kategori:Arkiv i Noreg